– No er det alvor

valdres
Ombord på Klimatoget på veg til Paris for å vise folkevilja. Frå Avisa Valdres.

Eg har aldri vore spesielt grøn, så når slike som meg engasjerer seg, då er det alvor, seier Anne-Guri Ekern til Avisa Valdres. Saman med Bodvar Sonstad, begge frå Beitostølen, har ho reist med Klimatoget til Paris. – Eg er nok ein av dei som lett tenkjer at det angår ikkje meg. Eg er ikkje perfekt. Eg køyrer dieselbil. Eg vurderer ikkje å bli vegetarianar. Sånn sett representerer eg kanskje allmogen. I Paris er dei to væpna med banner og bøttehatt, godt humør og innøvde songar, fortel avisa. – Berre det å vere til stades og synlege i gatene er viktig for å leggja press på dei som skal utforma klimaavtalen, meiner Bodvar. Sjå artikkel frå Avisa Valdres HER.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*