Klima-satire i eigen bildebase

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    fredag 6. mar 2015
  • AV:
    Redaksjonen
Frozen sea

Eg meiner det er viktig å bruke humor og satire for å avdekke dobbeltspelet i norsk klimapolitikk, seier besteforeldreaktivist Ola Dimmen i Trondheim. Mange kjenner han som musikalsk leiar for Besteforeldrenes populære rangleorkester. Men han har fleire strenger å spele på og brukar også gjerne bildet som våpen. No er han klar med ein bildebase folk kan forsyne seg fritt frå. – Vi veit at det meste av olja og gassen i verda må bli liggande om det ikkje skal gå heilt gale. Likevel satsar Noreg for fullt i Arktis, som om klimaproblemet ikkje var oppdaga! Eg trur vi treng ei skikkelig folkevekking. Og då må vi mobilisere kjensler og fantasi, ikkje berre intellektet.

SONY DSC – Vi som er fødd på solsida, trur at verda er til for oss. Og at sola vil fortsette å skine, same korleis vi ber oss åt. Det har forskrekka meg å sjå kor lite nytenkjing som skjer, og kor unnvikande alt er. Som lærar veit eg at unge menneske etterlyser ærlege svar og ikkje den utålelege sjølvtilfredse propagandaen som blir servert på politiske møter, i debattar på TV og så bortetter.

– Samtidig tenkjer eg at fråværet av fornuftig leiarskap også kan få oss til å vakne. Det er noko av dette eg prøver å formidle i billedmontasjane mine. Når vi høyrer politikarane snakke gir dei inntrykk av å ha forstått klimaalvoret. Men dei har ikkje fått det inn i hjartet, og er ikkje så redde som dei burde ha vore. Vi treng humor og ikkje minst ironi for å møte nytalen deira. Vi må få latteren på vår side!

GÅ TIL BASEN «Klimasatire» her: http://www.klimasatire.no Bilda ligg i mini-format og kan med eit klikk hentas opp i høg oppløysing. Dei er alle til fri bruk, understrekar Ola Dimmen.

Kommentar fra Ola Dimmen

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Gustav Paulsen | 06.03.2015

    Jeg er helt enig.
    Latter og barn kan åpne alle dører.
    Dette er veldig bra.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*