Med song og godt humør – for våre barnebarn

Ola 2Vi skal skape liv og røre og få fokus på klima, seier Ola Dimmen, musikalsk leiar og songskrivar for Besteforeldrenes populære rangleorkester i Trondheim. Vi brenn for framtida og barna, og ønskjer å gi uttrykk for det på vår måte. – For litt sida var han og nokre av dei andre på Fosen Folkehøgskole der dei spelte og talte for elevane. I godt humør på veg heim vart ein ny song fødd, denne gongen om Jonas Gahr Støre «med oljesøl i øret». Han har synt seg som eit vonbrot og fortener ei skikkeleg nidvise, meiner Ola. Andre songar manar til samhald og kampvilje. – Vi kan ikkje nøye oss med å appellere til intellektet, kjenslene må med!

Ola er lærar og musikklærar i ungdomskolen, med bakgrunn frå visegruppe på 70-talet i studentmiljøet i Trondheim. Vi sang på gata og eg har også reist litt rundt som gatemusikant i Noreg og Sverige med harpe og panfløyte, fortel han. Eg meiner sang og musikk er ein direktekommunikasjon som vi må ha for å få folk engasjert.

Det vert jo reine Frelsesarmeen når de sett i gong!
– Ja, kvifor ikkje? Why should the Devil have all the good songs! Eg fann ut at vi måtte kunne synge og spele saman og kanskje bruke litt idear frå gateteater og stomp som verkemiddel for å få fram bodskapen. Mange av oss tykkjer dette er veldig kjekt å vere med på, slik du kan sjå på vidoen vi laga tidlegare i år. Det er oppløftande og samlande for oss som held på med eit dessverre nokså dystert tema.

Stomp, seier du – kva er det for noko?
– Kort sagt ein uhøgtideleg rytmisk musikkform som produserast ved hjelp av tinga du har rundt deg, som til dømes søppelkasser, kroppen og enkle heimelaga instrument. Her i videoen er vi på ei naturhistorisk utstillinga på Vitenskapsmuseet og har tydd til reinshorn og liknande.

VI MÅ TA KLIMAVALG
Mel: ”Pay me my money down”, trad. D-dur.

1. Vi må redde klima nå
Vi må ta klimavalg
FN har sagt klart ifrå
Vi må ta klimavalg
Vi må, vi må,
vi må ta klimavalg
FN har sagt klart ifrå
vi må ta klimavalg

2.  Nordpolisen smelte bort
Havnivået stige fort

3.  Skog og dyr og planta dør
Ongan spør ka ska vi gjør

4.  Statoil driv med tjæresand
Ødelegge jord og vann

5.  Oljen kan ijt brennes opp
Oljeleitinga må stopp

6.  Stortinget dæm tenke pæng
Det e da ijt berre pæng vi træng

Klimavalg er noko vi treng ikke berre kvart fjerde år, men kvar dag og i mange samanhengar! seier Ola Dimmen. Ideane håper han kan takast i bruk av besteforeldre og andre aktivistar rundt om i landet. Songane er laga etter Vazelina-metoden – ta ein kjend og fengjande melodi og sett til ein ny tekst. Her er eit utval, med notar og besifring for gitar – og med Ola sine fotomontasjar som illustrasjonar:

Besteforeldrenes rangleorkester i aksjon på Nordre gate  i Trondheim.

Besteforeldrenes rangleorkester i aksjon på Nordre gate i Trondheim.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*