Strilabiblioteket: Foredrag om generasjonsansvaret

  • DATO: 
    02/11/2016
  • Klokkeslett: 
    kl 19:00 til kl 20:30
  • STED: 
    Lindås bibliotek, Knarvik

«Vi barn har rett til ei berekraftig framtid,» sa den lokale representanten for Miljøagentane, tolv år gamle Jesper Espeland på eit møte med 70 engasjerte skulebarn, i Knarvik bibliotek 6. oktober. Ordføraren var til stades og fekk overrekt ein plakat med krav frå Barnas klimapanel til norske politikarar: «Ta vare på jordkloden!» – «Norske klimagassutslepp må ned!»

2. november vender vi oss til dei vaksne og spør: Kor stor risiko har éin generasjon lov å utsetje neste generasjon for? Tre forskarar frå Universitetet i Bergen kjem for å dela tankane sine med oss om dette. Eit møte for alle som er oppteke av samtida og barn si framtid: politikarar og politisk interesserte, lærarar, foreldre og besteforeldre!

3 uib

Helge Drange, professor i oseanograf og frittalande klimaforskar som gjerne tek del i den offentlege debatten, som foredragshaldar og skribent.
Sigrid Eskeland Schütz, professor i rettsvitskap, arbeider tverrfagleg med naturressurs- og miljørett for å forstå jussen si rolle i klima- og miljøutfordringane.
Ragnar Fjelland, professor emeritus, fysiker og filosof. Har gitt ut fleire bøker om vitskapsteori og er opptatt av livssynsspørsmål, teknologi og verdiar.

logo strilabib

Spre klimavett,
del denne saken!