«Gudsfrykt med nøysemd»

  • DATO: 
    21/04/2022
  • Klokkeslett: 
    kl 17:30 til kl 18:30
  • STED: 
    Bergen kunsthall, Rasmus Meyers allé 5. 2. etasje.

Har vi noko å læra av dei som gjekk føre oss? spør Gunnar Kartveit.

Han har sjølv jobba i Kirkens Nødhjelp, og har sett baksida av dagens bruk-og-kast-samfunn. Kva har det gjort med oss, og korleis skal vi finna attende til eit liv som sparar miljøet vi alle er så avhengige av? Korleis forvaltar vi vår eiga korte stund på jorda? Har vi både skuld og ansvar for klimakrisa?
– Om ikkje Gunnar har alle svara, vil han gjerne innleie til ei samtale om haldningar og verdier som vi kanskje òg er avhengige av.

Alle interesserte er velkomne!
Arrangør: Besteforeldrenes klimaaksjon

«Ja, gudsfrykt med nøysemd er ei stor vinning. For vi har ikkje hatt noko med oss til verda, og vi kan heller ikkje ta noko med oss herifrå.» Timoteus 6

Spre klimavett,
del denne saken!