Skal juristane redde klimaet?

holmoyvikVi kan vente oss meir «juridifisering» av klima- og miljøpolitikken i åra som kjem. Det norske klimasøksmålet er del av ein internasjonal trend, skriv Eirik Holmøyvik, professor i rettsvitskap ved Det juridiske fakultet i Bergen, i Agenda Magasin. Mange meiner det er prinsipielt problematisk at politiske spørsmål vert avgjort i domstolane. Det er Holmøyvik ikkje samd i. «Retten er samfunnets fremste styringsverkty. Og styring er nettopp det klima- og miljøpolitikken treng.» Sjølv om det skulle syne seg å vere vanskelig for saksøkjarane å nå fram, kan saka verke haldningsskapande og er langt frå fånyttes, meiner han.

Frå artikkelen:

Problemet kjenner vi alle. Dei siste åra har naturvitskapen lagt på bordet solid dokumentasjon på at klimaendringane er alvorlege for livet på jorda som vi kjenner det. Tilrådingane er klåre: Utsleppa av klimagassar må reduserast for å halde temperaturstiginga i sjakk. Problemet er å setje tilrådingane ut i live (…)

Det er her domstolane og juristane kjem inn i biletet. Så snart miljøkrav, utsleppsgrenser og tiltaksplikter går frå å vere fagre, men uforpliktande lovnader og over i lovtekstar, blir desse lovnadane med eitt bindande for styresmaktene. Domstolane kan tvinge styresmaktene til å oppfylle lovnader i lovs og forskrifts form (…)

Vi skal likevel ikkje overdrive domstolanes makt til å tvinge statane til å etterleve sine miljøplikter. Effektiv domstolskontroll er avhengig av at dei politiske styresmaktene bind seg sjølv til masta ved å vedta forpliktande reglar om utsleppsmål og miljøstandardar. I tillegg må det vere vilje blant styresmaktene og i samfunnet elles til å etterleve lovbestemte miljøstandardar (…)

Vil saksøkarane vinne fram? Eg ville ikkje sett pengane mine på det. Rekkevidda av Grunnlova § 112 er usikker og saka er stor. Det er heva over tvil at § 112 gir styresmaktene nokså vidt skjøn i korleis og med kva tiltak miljøet skal vernast. Saksøkarane har ei formidabel oppgåve å bevise at miljøkonsekvensane av oljeutvinning i Arktis er så store, alvorlege og konkrete at regjeringas vedtak ligg utanfor det politiske handlingsrommet § 112 gir (…)

Søksmålet er likevel langt frå fånyttes. Uavhengig av utfall vil søksmålet vere viktig for tolkinga av § 112, og dermed også det politiske handlingsrommet til Stortinget og regjeringa på miljøområdet i åra som kjem (…)

Ein skal heller ikkje undervurdere den haldningsendrande verknaden slike prinsippsaker kan ha. Alta-saka er eit mykje brukt døme på eit søksmål som møtte veggen i Høgsterett i 1982, men som bidrog til å endre politikken overfor samane som urfolk. Du kan tape eit slag, men likevel vinne krigen.

Lese heile artikkelen: http://agendamagasin.no/kommentarer/juristane-redde-klimaet

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*