Utvikling eller avvikling?

Norsk kulturlandskap. Fra Pixabay

Landet rundt dukkar det opp datasentra og andre megaprosjekt, med stort naturforbruk, og med freistingar om utvikling, arbeidsplassar og ein ny giv for lokalsamfunnet. Men for BKA-medlem Aage Kvendseth ser mykje av det meir ut som avvikling – av vår evne til å utnytte eigne ressursar og kunnskap på eit berekraftig vis, skriv han.

Frå Firdaposten 29.10:

Samfunn på avvegar
Aage Kvendseth

Vi får ikkje ei betre og meir rettferdig og bærekraftig verd gjennom megaprosjekter som så mange politikarar enno går inn for – for å sikre økonomisk vekst og den skadelege utviklinga den har vist seg å ha ført til. Trua på at det er den type «medisin» som skal gi oss ei betre og leveleg framtid, er det heldigvis færre og færre menneske som har, om enn vi enno er eit midretal.

Dette skjer medan kloden vår får stadig høgare feber. Kunnskapen vi alt har skulle ha medført eit paradigmeskifte i måten vi forbruker naturen på med tanke på vårt overforbruk av ressurser. Økonomiske gigantar kjem med lokkande pakkar som skal utvikle lokalsamfunna våre, om dei får tilgang på våre fjell, våre skogar, våre mineralar, våre fjordar – hand i hand med eit fleirtal av våre «utviklingsvillige» grunneigarar og politikarar, lokalt, nasjonalt og globalt.

Konserna, nasjonale og oftast multinasjonale som så lett vert sleppte inn i våre kommunar, har ein gjennomtenkt strategi som alltid inneheld litt «natur- og miljøvurdering/kartlegging» og mange sosial-økonomiske «plusspakkar» for små og store lokalsamfunn med anstrengt kommuneøkonomi. Det gjeld å få fleirtalet av politikarane til å ta agna, men her til lands truleg utan nokon form for korrupsjon.

Dei store konserna sine konsulentar får som oftast teikne og fortelje i kommunestyra utan at motstandarane sine talspersonar får sleppe til med sine argument. Sjølv folk sine krav om folkeavrøysting vert ikkje teke på alvor. Det svekkar trua på lokaldemokratiet.

Retten til å seie nei til nye datasenter, vindturbinar eller anna i lokalsamfunnet sin natur – er og retten til å seie ja til anna langt meir langsiktig og mindre skaldelege inngrep og utvikling. Styresmaktene her i landet, som mange stader i verda elles, blir så lett fasinerte av «megaprosjekter» – som alltid skal ta «natur- og miljøomsyn» og vere til det beste for alle og vere med å redde ei verd på urovekkande avvegar.

Til sjuande og sist er det næringsrik og sunn mat vi lever av – dyrka på eller i jord eller i havet. Det kan synest uforståeleg at vi i dag driv med beredskapsarbeid med nokre fingrar på eine handa, medan vi gjer samfunnet vårt meir og meir sårbart for oss alle og alt levande med resten av kroppen.

Vi har velmeinande innsamlingsaksjonar og utviklingshjelp. Men det er ikkje ein gong plaster på såra for dei i den fattigste delen av verda. Det er varige, strukturelle lokale og globale endringar som må til – ikkje berre for at dei fattige skal overleve, men for at vi i dei rikaste landa og skal ha ei leveleg framtid. Vi bur på same klode.

Globaliseringa er eit faktum. Vi er alle i same båt som seglar i den same, stadig aukande klimakrisa. Slår vitskapelege fakta fast.

Kommande generasjonar vil nok sjå kor alt for seint vi kom i gong med å endre framferda vår mot store delar av livsgrunnlaget på kloden – der vi er eit lite folk avhengig av mykje matimport. Olje- og gass kan vi ikkje ete. Er vi opplærte til å lukke auga? Det er som om vi framleis lever i koloninitida og vil halde fram å hente mykje av det vi skal leve av i andre land for all framtid.

Verda er ved eit svært alvorleg vippepunkt mange av oss tydelegvis ikkje ønskjer å innsjå, men det er dit vi er komne. Kvifor er då ikkje langsiktig matberedskap lenger framme på agendaen vår? Nye inntekter vi skal få ei tid av desse gigantprosjekta, som investorar lokkar oss med, skal gje oss pengar slik at «alt blir som før», trur vi.

Kvifor høyrer vi ikkje heller om ein stor «jordbruksreform» som vil gjere det lønsamt å produsere mat vi kan leve av der vi bur – med tanke på at den dagen vi ikkje kan importere det vi manglar lenger? Opprustning, krig og naturkriser pregar kvardagen vår i denne farlege KI-verda. Men det gjer og den store ulikskapen i verda som ikkje minst den aukande migrasjonen minnar oss om dagleg.

Kva for kommune her i landet vil gå i front? Kva for heilhjarta innsats på dette området vil komme frå eit fleirtal på Stortinget? Frå lokalpolitikarar? Frå oss veljarar?

Vi produserer mjølk og kjøt via grasproduksjon – som dominerer i bruken av jorda i mange norske bygder. Vi bør og i større grad dyrke andre matprodukt slik dei gjorde dei som levde før oss. I ein overgangsfase og må slike jordbruksinitiativ få gode subsidiar skal det bli lønsamt å produsere meir kortreist mat i startfasen.

I ein lengre krisesituasjon med mangel på drivstoff og energi, er det få som kan spenne hesten for plogen lenger. Og kva med reiskapane som trengst? Dei står no og rustar her og der om dei ikkje alt er vekke. Difor er det å halde vedlike ein variert matproduksjon ei god investering i beredskap her i landet, om vi tek vare på dei krympande prosentane av dyrkbar matjorda vi har att.

«Fremtiden i våre hender» – ja, den ligg der – låg der i alle fall. Sjølv er eg med i Besteforeldrenes klimaaksjon – der vi, stadig fleire, er opptekne av dei som skal arve jorda etter oss. Vi ser at samfunnet vårt, ja, det globale samfunnet vi bur i, er på avvegar. Vi vil vere med å gjere vårt vesle bidrag til at verda vår kjem inn på eit betre spor framover – ein veg vi alle må vere med å gå opp ved å bidra med det vi kan.

Klimaframtida er alt i dine hender og!

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Jarle Sylta | 03.11.2026

    I dag kan vi lese på nettet at regjeringen ved Kommunal- og distriktsdepartementet har satt til side protester fra Statsforvalteren i Trøndelag og fra sitt eget Klima- og miljødepartementet når det gjelder bygging av et gigantisk datasenter og en batterifabrikk i Orkland.
    Et skogs- og myrområde på 6500 mål (tilsvarende 910 fotballbaner) skal nedbygges.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*