Med helsing frå Trondheim

Lavollen 4
På Lavollen, med sommaravslutning for aktivistane i BKA i Trondheim.

Besteforeldrenes klimaaksjon i Trondheim er og blir BKAs eldste og mest aktive lokallag. No har også dei lagt inn ein pause – etter hyggeleg sommaravslutning på Lavollen. – Nokre gongar når vi ser verda omkring oss, må det vere lov å trekke seg tilbake og bare vere saman og nyte den fantastiske naturen no i juni, seier Ola Dimmen.

Lavollen er ein flott gamal gard med kafé i Bymarka, og vi koste oss med god mat og oppsummering av aktiviteten hittil år. Sjølv om mange ser ut til å meine at engsasjementet for klima og natur har avtatt, så opplever vi faktisk noko anna når vi står på Nordre gate og syng og deler ut løpesetlar. Det er berre varme og gode tilbakemeldingar frå folk, og ikkje minst ungdom som takkar oss for det vi gjer.
– Vi opplever det same som det «Norsk medborgerpanel» har dokumentert – folk har klimaspørsmålet høgt oppe og på tredjeplass etter økonomi og helse. Slik har det vore lenge, sjølv om media og ein del politikarar er opptekne av å teikne eit anna bilete.
– På Lavollen fekk kurvfest og kjende og kjære songar av Prøysen og Sandbeck opp stemninga. Eit høgdepunkt var når Jaap den Hertog frå teater Fusentast sveiva i gong lirekassa  med kjende og kjære Trondheims-melodiar som «Bakklandets vakre Maja», «Nidelven stille», m.m.

Det styrkar fellesskapet å kunne samlast slik som dette, og no kan vi sjå framover til lokal BKA-innsats under Olavsfestdagane og leiren under Arendalsveka for dei som skal dit. God sommar til alle!

Og over sommaren er det på’n igjen, med det gamle rangleorkesteret og nye løpesetlar på Nordre gate!

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*