
Er du i Stavanger, er oppteken av natur og miljø – og at noko må skje? Då kan du ta turen til Mostun natursenter tysdag 10. mars. Der blir den nystifta Rogaland grøn allianse (RoGA) presentert. Der kan du få ein kopp kaffi, og du kan høyre foredrag ved forfattar og statsvitar Hauk Are Fjeld: Kvifor sviktar demokratiet klimaet og naturen?
Rogaland grøn allianse (RoGA)
Av Eilef J. Gard, leiar BKA Sør-Rogaland
Etter stortingsvalet i fjor, og den store fellesmarkeringa «Stå opp!», kom spørsmålet opp om organisasjonar og aktørar i Rogaland, som er opptekne av klimaspørsmål og vern av natur, kunne samla seg om eit felles initiativ for å danna ein fastare allianse.
Me i Besteforeldrenes klimaaksjon inviterte difor til ein idédugnad i november. Naturvernforbundet, Framtiden i våre hender. Greenpeace og Spire – i tillegg til BKA Sør-Rogaland og Haugalandet, var med. Utgangspunktet var å diskutera om det er interesse for å byggja opp ein miljøallianse i Rogaland, og om me i fellesskap kan arrangera møte m.a. med stortingspolitikarane og andre politikarar for å drøfta gode miljøavgjersler.
Det vart danna ei arbeidsgruppe som fekk mandat til å gå vidare med initiativet. Det vart tidleg semje om å konsentrera innsatsen rundt vern av natur, motarbeida nedbygging, og fremja opplysing og kunnskapar om dette, både overfor politikarar og samfunnet elles. Namnet på alliansen blei vi òg fort einige om: Rogaland grøn allianse (RoGA). Me har kontakt med Forum for natur og friluftsliv Rogaland (FNF). RoGA og FNF vil ha overlappande saksfelt og medlemer, men ulike arbeidsformer. RoGA vil:
- arbeida for eit samfunn som er godt å leva i for alle, og som kan bestå over tid, der all menneskeleg aktivitet skjer i balanse med naturen og miljøet.
- vera ei samlande kraft for organisasjonar og forbund med liknande interesseområde.
- skapa kontaktar og utvide nettverk for samarbeid.
- medverka til folkeopplysing og spreia kunnskap rundt tema natur og klima.
- skapa kultur for naturvern og å motarbeida klimaendringar.
- byggja kontakt med folkevalde for å dela nyeste forsking og vitskap.
- inspirera til handling for å ta vare på eit leveleg klima og ein livskraftig natur.
