På besøk hos Tekna

Tekna 1
Guro Kvaal Brandshaug, utviklingsdirektør Varanger kraft, saman med Ola Dimmen og Gunn Kari Hygen frå BKA.

Trondheim 23.09: BKA fekk ein hyggjeleg invitasjon til å halda ein kort appell på Tekna Senior-møte om «Kraftforsyningen i Norge, utfordringer og mulige løsninger». Eit høve til å fortelje kva vi står for, og dei nye visittkorta våre gjekk unna. Etterpå fekk vi eit interessant foredrag av Guro Kvaal Brandshaug, utviklingsdirektør ved Varanger kraft.

Kaotisk kraftpolitikk i nord
Av Ola Dimmen

Brandshaug gav eit Innsiktsfullt, men skremmande bilete av kraftpolitikk og manglande nett i nord. Elektrifisering av Melkøya og etablering av datasenter skaper eit enormt kraftbehov der straumkøen overskrid alle realistiske rammer for ny kraftproduksjon. Dette går også ut over næringslivet i Finnmark som må stansa planlagde investeringar. Samanbrot i linjenettet har faktisk også ført til mørklegging av Aust-Finnmark nokre gonger, og dette skjer altså i det viktigaste området for norsk beredskap mot Russland!

Ein del av årsaka til situasjonen, er at NVE og Statnett ser ut til å arbeida i kvar sin silo etter gamle rutinar og instruksar. Regjeringa ved energidepartementet sit med ansvaret, men klarer ikkje å ordna opp. Kanskje ikkje så rart når energiministeren sjølv er ein del av problemet? Under pressekonferansen for elektrifisering av Melkøya presenterte han, saman med Jonas Gahr Støre og Trygve Slagsvold Vedum, urealistiske luftslott for kraftutbygging i Finnmark. Der lova dei stor ny vindkraftproduksjon i samisk område i aust og utbygging av store kraftlinjer i Finnmark innan 2030. No er fristen utsett til 2035, og det kan ta endå meir tid når statsforvaltaren skal gjera jobben sin og sørgja for at samiske interesser blir tatt omsyn til.

Folk i Finnmark opplever heile tida at politikarar på Stortinget kjem med umoglege og forvirrande utspel, så hovudkonkonklusjonen blir dessverre at Noreg manglar ein nasjonal kraftpolitikk med tydelege prioriteringar av nødvendig infrastruktur og kraft til næringslivet og andre samfunnsnyttige formål.

Etter foredraget var det hyggjeleg lunsj, og det er jo alltid interessant å snakka med folk som har erfaring både frå kraftbransjen og oljenæringa. Dei har lita tru på at kraft- og industriløftet for Finnmark vil bli gjennomført etter planen, så her gjeld det for BKA og miljørørsla å følgja med på kva som skjer.


Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*