BKA på Olavsfest

Olavsfest BKA Nordre
BKAs populære rangleorkester, på plass på Nordre gate. Foto: Anne Grete Torwick

Den store kulturfestivalen Olavsfest går av stabelen i Trondheim denne veka, med kultur, samtale og diskusjon og kyrkjeleg engasjement. BKA var til stades på Nordre gate med song og spel og utdeling av løpesetlar. – Som alltid får vi god respons frå både foreldre med barn, eldre og ikkje minst frå mange unge folk, fortel Ola Dimmen.

Kven eig sanninga?

Tema for Olavsfest 2026 er SANNHET. – Eit stort, komplekst og grunnleggjande begrep. Den som får definere sanninga, får òg makt. Og nettopp difor er kampen om sanninga eit av dei viktigaste spørsmåla i vår tid.

Ola Dimmen seier det er tydelig at folk set stor pris på at vi markerar gode verdiar og omsorg for klima og natur og komande generasjonar. – Ifølgje Norsk Medborgerpanel er klima tredje viktigste sak som folk er opptekne av, etter økonomi og helse. Dette held seg stabilt, og det er grunn for oss i BKA å merke oss det.
– Det vart også tid til ein samtale med Ap-standen. Dei fortalde at det faktisk hadde gått forbi ein som kalla dei landsforrædarar! Og som vi veit, det er spesielt Ap og AUF som er utsette for desse fryktelege haldningane. Statsminister Støre var også på standen, og sjølv om det vart lite tid til diskusjon om klima og olje – slik vi gjerne skulle sett, så fekk eg i alle fall rost han for å ta tak i hatkommentarar som strøymer på både i sosiale medier og elles.
– Støre sa at han må sette sine folk på dette problemet, og det er vel truleg at både Ap, BKA og klimaengasjerte barn og unge møter same grumset: Folk med konspiratorisk misnøye og samfunnsforakt – som vi har politiske krefter som frir til og fyrer opp under. Støre tok også opp dette i samtalen på Vestfrontplassen der han fortalde at han hadde fått ei melding frå ein person med fullt navn som sa at han håpa Støre kom til å drukne i elva då han var på tur i Nord-Trøndelag. Samtalen ligg på NRK P2.

Men vi må jo fokusere på at det store fleirtalet har gode verdiar og vil det beste, og kanskje kan vi gjere felles sak med politiske ungdomsorganisasjonar og kome hetsen til livs? I alle fall svært hyggeleg å vere på Olavsfest som har SANNING som tema. Kanskje er akkurat det noko av det viktigaste av alt nett no.


Foto: Anne Grete Torwick

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Lasse Heimdal | 02.08.2026

    For en herlig BKA-gjeng å se på Olavsfest! Dette er en anledning med mulighet til å treffe mange potensielle medlemmer. Dette kan sammen med Arendalsuka også bli et fint treffsted for BKA´ere hvor vi sammen kan inspirere hverandre og gjøre en felles innsats for klima og natur.

  2. Elisabeth Tveter Briseid | 02.08.2026

    Takk for dette inspirerende innblikket i BKAs storartede engasjement under Olavsfest med bilde av trofaste , flotte aktivister! Så mye hetsing, ikke minst av Ap og AUFs folk, og så mye virkelighetsfornekting som nå finnes, har vi nok å gjøre framover. Som gammel norsklærer går jeg tilbake til salig Wergeland og hans dikt Sandhedens Armee. «Løgnens Ørkenbjerge» er av gammel dato. Det er også kampen for «Sandheden». Den kampen trengs stadig å føres. Wergeland er ikke snauere enn at han lover den seier.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*