
Torsdag 12. februar var 16 deltakarar frå Besteforeldrenes klimaaksjon på besøk hos Remiks sitt avfallsanlegg på nordspissen av Tromsøya. Dei vart tatt godt imot av informasjonsansvarleg Ivar Sture Handeland, og fekk ei interessant omvisning som viste nokre av utfordringane vi har ikkje minst når det gjeld plast som miljøproblem.
Av Ingunn Elstad, leiar BKA Troms
Vårt inntrykk er at Remiks har klart å gjere søppelhantering og søppelsortering i Tromsø til noko positivt, nærast ei gladsak! Posar som trengs for optisk sortering hentar vi på daglegvarebutikkane. Det er lettvint.
Gunveig Dahl som organiserte turen, hadde m.a. tatt med mange eksemplar av avfall som vi var usikre på. Ein potetgullpose som er blank inni, er restavfall. Eingongs blomsterpotter i plast går i plastavfallet, når dei er tømt for jord – og jorda skal i restavfallet. Teposar består av fleire material, men kan gå heile i matavfallet – det skal ikkje vere for tungvint heller. Når vi sorterer, får vi materialkunnskap, som vi brukar når vi handlar. Vi kjøper jo sjølv den søpla vi etterpå må kaste!
Mange i våres generasjon er interessert i sortering. Besteforeldreaksjonen og heile miljøbevegelsen legg vekt på å ta vare på det vi har og reparere. Vi hugsar tida før emballasjeindustrien og eingongsplasten, og veit at det er godt muleg å bruke mykje mindre plast.
Det den enkelte gjer heime, heng saman med det globale klimaet. Dei store oljeselskapa pumpar milliardar inn i plastproduksjon, som er fordobla dei siste 20 åra, og aukar framleis. Selskapa forventar at plastproduksjonen vil drive etterspørselen etter olje i åra som kjem, når fornybar kraft tar over. Slik kan dei fortsette å bore og tene pengar. Det har alvorlege følgjer for miljøet både der plasten blir produsert og der plastavfallet blir dumpa. Det er også alvorleg for klimaet (sjå The Guardian 19.02.2026).
