Besteforeldre for torsk!

Borgundfjordfiske_Ståle Wattø
Skreifiske i Borgundfjorden utanfor Ålesund. Foto: Ståle Wattø

På laurdag skal BKA på Sunnmøre ha stand i Ålesund, og temaet dei har valt denne gongen er noko så lokalt og nasjonalt viktig som torsk og torskefiske. For nokre tiår sidan var Borgundfjorden full av skrei, no er det ikkje spor att av han. – Det er ei tragedie, seier Thor Bjørlo, lokallagsleiar i BKA. No trengs eit krafttak for havmiljøet!

Problemet råkar ikkje berre skreien, som i hundrevis av år kom til fjorden utanfor Ålesund for å gyte, men òg den stasjonære kysttorsken. Og det er mangefasettert: overfiske, mudring, rovdyr, utfylling, dumping av vaskevatn, avrenning, bustadbygging, sprenging og klimaendringar med temperaturstingar i havet er alt saman ‘torskeutfordringar’. Det har gått hardt utover fjører, ålegrasenger, tareskog, svampskogar og korallområde, som alt saman utgjer viktige oppvekst- og leveområde for torsken.
– Vi har ‘Oslofjord-tilstandar’ fleire stader i landet, seier Thor Bjørlo. Fjordmiljøet og fjordens flora og fauna må få eit mykje sterkare vern i kommunale arealplanar. Vi må gjere det vi kan for å stanse forureining og øydelegging av leveområde for å kunne ta vare på det tradisjonsrike Borgundfjord-fisket. – Og så skal det bli spennande å sjå om vi klarer å verve nye medlemar også på dette grunnlaget.

For meir informasjon: Sjå den innhaldsrike løpesetelen som BKA Sunnmøre skal dele ut i Ålesund på laurdag!

Det var ein gong … Foto: A.B. Wilse, 1910

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. Jarle Sylta | 05.02.2026

    To viktige nyheter i dag
    Fiskeribestandene i Nordsjøen,
    Barentshavet og Norskehavet
    er halvert siden 2013.
    (Den andre handler om
    en atomvåpenavtale).

  2. Elenore Rosenvinge Strøm | 10.02.2026

    Er det virkelig så lite torsk at Findus må bruke Pollock ? Det spiser jeg ikke .

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*