Overforbruksdagen 2025

16 april
Earth Overshoot Day vert arrangert og berekna av Global Footprint Network, ein internasjonal grøn tenketank som arbeider med å utvikle verktøy for å fremje berekraft og redusere det økologiske fotavtrykket. (bilde frå Sirkula IKS)

Det er barna og barnebarna våre som må rydde opp etter oss, seier aktivist Ivan Chetwynd frå Besteforeldrenes klimaaksjon i eit intervju med NRK. 16. april er ein merkedag for det norske overforbruket, då vi allereie har brukt opp vår rettmessige del av verdas ressursar for året 2025. – Vi lever som om vi har fleire klodar til rådvelde!

Problemet er eit forbrukssystem som gjer det lett å kjøpe, og vanskeleg å leve enkelt. Reklameindustrien jobbar heile tida for å få oss til å kjøpe meir, utan at vi ser dei faktiske kostnadene, seier Ivan Chetwynd til NRK. Men det er ikkje rett å leggje alt ansvar på enkeltpersonar. «Vi må utfordre eit system som set profitt og vekst over menneskelege behov og omsyn til naturen.»
– I intervjuet fortel han også om Besteforeldrenes klimaaksjon, der han og kona har vore med i over ti år: «Vi går gjennom gatene med røde hattar og slagord. Nokre ler av oss, andre er nysgjerrige og vil høyre meir.» Kvar fredag, i samband med statsråd hos Kongen, stiller dei opp på Slottsbakken med banner og slagord mot norsk oljeverksemd. Neste gong skal dei deretter på byen og dele ut løpesetlar mot overforbruket vårt: «Fornuftig forbruk sparer klima og miljø»

Sjå heile intervjuet med Ivan Chetwynd: Noreg lever på økologisk kreditt resten av året

Besteforeldra på Slottsbakken. Foto: Ivan Chetwynd

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Torbjørn Endal | 16.04.2025

    Det er nitrist at norsk politikk ikke er kommet lenger. Styringspartiene Høyre og Arbeiderpartiet forsvarer et liberalt økonomisk system som garanterer evig tilgang på økonomisk kreditt. Hvilket igjen betyr at natur og miljø er blitt til ‘evige’ salderingsposter. En mindre vakker dag stopper økosystemene opp.
    Hvem husker vel ikke de barnslige glisene til LO-leder Yngve Hågensen og daværenes statsminister Jens Stoltenberg da sistnevnte kunne proklamere at statskassa hadde fått sin første oljemilliard inn i Oljefondet.
    Mammon har talt, naturen har tapt!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*