Lunsj og lyrikk

Lars Birgitte
Det Norske Teatret 2018: "ORD OG TONER SOM BEVEGER" 80 tilhøyrarar var møtt opp for å få med seg visene til Lars Klevstrand og Birgitte Grimstad. Foto: Ivan Chetwynd

Er du i Oslo sentrum i slutten av januar? Har du lyst å oppleve diktarar, skodespelarar og musikarar som slår eit slag i kampen mot den globale oppvarminga og for eit grønt mentalitetsskifte? Då må du passe på å få med deg dei populære formiddagsarrangementa på Det Norske Teatret – i samarbeid med Besteforeldrenes klimaaksjon.

Ein samfunnsbevisst kulturinstitusjon

Det ukelange arrangementet «Lunsj og lyrikk med klimablikk» såg dagens lys tilbake i 2017, og har heldt det gåande kvart år sidan. Ein av dei som har vore med heile vegen, som organisator, er Finn Bjørnar Lund. Han var i mange år også nestleiar i Besteforeldrenes klimaaksjon, og fortel at initiativet opprinneleg kom frå Birgitte Grimstad.
– Den gamle miljø- og fredsaktivisten Birgitte er jo ikkje berre visesongar, men òg skodespelar, og det var ho som hadde kontakten med folka i Det Norske Teatret. Og der var det berre positiv reaksjon og samarbeidsvilje, synte det seg. Det er jo ein fabelaktig institusjon, med eit eige samfunnsengasjement heilt frå den gongen det vart etablert for over hundre år sidan, med Hulda Garborg som fyrste styreleiar.

Innhaldet i «Lunsj og lyrikk»-treffa har variert, med folk både frå teatret og kulturlivet elles. – Eg har inntrykk av at det er blitt ei populær scene å stå på – med eit lydhøyrt og engasjert publikum. Ofte har vi hatt fullt hus. Det er også eit godt grep at forestillingane berre varar ein halv time, og at ein kan kome og ta seg ein kopp kaffi og eit kakestykke på førehand, seier Finn Bjørnar Lund.
– Klimapolitikk dreier seg om meir enn utsleppsstatistikk og teknologi og avgifter. Eg tykkjer det er viktig å ha kulturen og kreative krefter med på laget. Sjå program for 2024 – Bikuben veke 5 klokka 12.00.

Glimt frå tidlegare år:

2019: Lunsj med reven og kvalen. Gro Dahle las dikt med miljø og klima som tema. Foto: Ivan Chetwynd

CLIMB EVERY MOUNTAIN! Skodespelar Sigve Bøe på «Lunsj og lyrikk» 2018. Foto: Ivan George Chetwynd

2020: Forfattar og låtskrivar Elisabeth Arnet med eit gjennomtenkt og tankevekkande program.

Siste Lunsj og lyrikk-treff 2023, med skodepelar Ane Dahl Torp. Foto: Ivan Chetwynd

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*