I godveret i Tromsø

Stand i Tromsø 17.06.2023

Besteforeldra i Tromsø let ikkje eit godt høve gå frå seg. På laurdag gjekk Midnight Sun Maraton av stabelen, og vi hadde ein fin stand i godveret, fortel lokallagsleiar Ingunn Elstad. Ein optimistisk gjeng delte ut løpesedlar og snakka med folk i farta, – ikkje for å leggje nokon dempar på dagen og stemninga, snarare for å bidra med litt ekstra energi!

Det gjeld alltid å vere synleg til stades, seier Ingunn. – Dessutan er det på tide å minne om at det berre er 85 dagar att til kommunevalet. Bodskapen frå BKA er at DIN STEMME ER VIKTIG! Klimautsleppa må ned – i vår kommune! Matjord og natur må beskyttast – i vår kommune! I tillegg har vi viktige regionale saker som vi har engasjerst oss sterkt i, som Nord-Norgebanen, som vi treng, og elektrifisering av Melkøya, som vi ikkje treng og som bør stoppast.

BKAs valkamp-løpeseddel 2023:

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*