Aktivisten

linda aktivisten 2
Linda Parr slik mange har møtt henne, med løpesedler på gata foran Stortinget. Foto: Kristine Glimsdal / Journalen, OsloMet

Då matematikklæraren frå Chicago kom til Noreg i 1971, saman med mannen Hugo, – var det første han sa at «no skal vi til fjells». Så sette dei i gang med tre veker frå hytte til hytte, får vi vite i portrettet Klassekampen har laga av Linda Parr. Frå før kjenner vi ho som humørfylt gateaktivist og leiar av Besteforeldrenes klimaaksjon i Oslo.

Frå portrettintervjuet:

Framtiden i våre hender er ein av dei største miljørørslene i Noreg og vart til på eit folkemøte i Nadderudhallen i 1974. Erik Dammann hadde teke initiativ til møtet i Bærum og fått med seg kjende talarar som Arne Næss. Både Linda og Hugo Parr var til stades og har vore medlemar i organisasjonen sidan.

– På den tida las vi «The Limits to Growth» av Romaklubben og Jørgen Randers. Då vi las henne, såg vi samanhengen. Skal vi ta vare på miljøet, må vi innsjå at vi har avgrensa ressursar. Vi må tenkje på kva vi gjer som individ, kor mykje vi skal forbruke og kva vi forbruker, seier Parr.

– Eg er fødd i 1946 og vaks opp i nokre tiår utan så høg levestandard som i dag og synest det var heilt okei. Vi har ei stor utfordring med å kommunisere det. Vi har i alle fall skjønt at peikefingeren ikkje hjelper. Folk må sjølv finne ut kva dei er viljuge til. Alle må gjere noko, anten det er å gjere noko i eigen kvardag eller melde seg inn i ein miljøorganisasjon.

Ei vanleg aksjonsform for besteforeldra er det dei kallar klimavandringar. – Vi har på plakatvestar med teksten «barnas klima vår sak», vi har dei raude hattane våre og går rundt. Så hender det at folk stoppar opp. Nokre rosar oss, mange unge synest vi er kule, og nokre kjem med piggane ute. Spør om kva vi skal leve av. Då må vi ha ein samtale, lytte til det dei er uroa for.
– Har du vorte meir eller mindre optimistisk etter 50 år med klimakamp?
– Ein kan kanskje tenkje at det ikkje går, men vi besteforeldre kan ikkje tillate oss å vere pessimistar. Vi må vise barnebarna at det går.

Sjå heile portrettintervjuet med Linda Parr: Bestemor i bresjen


 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Margaret Heldor | 01.12.2021

    Tusen takk for en flott artikkel og inspirasjonen du er, Linda!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*