Med LO for klima og miljø

ingunn gjerstad
Foto: Sissel M Rasmussen/LO-Aktuelt  

Kvinne, 57 år, medlem av Besteforeldrenes klimaaksjon, skriv nynorsk – høyrest dét ut som ein som passar til å vere leiar i LO i Oslo? Viss svaret er nei, må du kvitte deg med fordommar. For Ingunn Gjerstad er dette og meir til. Ho vil slutte med olja, og meiner vi treng andre mål enn økonomisk vekst. Men krava til eit trygt og jambyrdig arbeidsliv firar ho ikkje på!

– Kvar i livet er Ingunn Gjerstad nett no, spør vi?
– Eg er 57 år ung og sambuar med Rolf på Furuset i Oslo, nær marka der vi går mykje på tur for å klare med alle desse zoom- og teamsmøta vi må ha no om dagen. Eg har nettopp fått sonen min på 25 og kjærasten heim frå studier i Bergen, og det er kjekt. Eg kom frå Handel og Kontor då eg for to år sidan vart vald til leier for LO i Oslo, det vi før kalla Samorg. Der er vi i full gong med å finne opp nye løysingar for å oppretthalde forsamlingsretten og diskusjoner. For eit par dagar sidan såg eg på bileta frå då eg reiste til Paris med tog i 2015 for å delta rundt klimatoppmøtet, organisert av Besteforeldrenes klimaaksjon. Vi var om lag hundre personar, og det vart eit minne for livet om at klimaaktivisme og folkeleg deltaking er viktig.

– Og no er du til og med vorte medlem av BKA. Kvifor? Og kvifor akkurat no?
– Eg kjenner mange fine folk der, som eg har hatt gleda av å samarbeide med over år, i Klimavalgalliansen og Broen til Framtiden. Eg synest BKA er ein skikkeleg seriøs organisasjon med mange dyktige folk. Eg sa ja då ein av dei spurte! De treng fleire medlemmar, skjøner eg. Og det trengs jo endå meir trøkk frå folkelege rørsler og organisasjoner, skal vi få eit klimaval i 2021.

– Kva betyr fagrørsla i klimakampen, meiner du?
– Hos oss samlast alle yrkje med ulike kompetansar, kort og lang utdanning, i solidaritet både nasjonalt og internasjonalt. Vi som organiserer oss ser, at vi treng vere i lag og skape sterke kollektiv som kan bidra i å byggje ei felles framtid. Det er ikkje mogeleg å nå den framtida vi skal skape utan fagrørsla. Vi må vere dristige, vi må bruke folkestyret. Her kan vi bidra langt ut over vår vesle nasjon ved å ta i bruk vår statlege store formue. Vi må ha offentleg eigarskap og store satsingar for å verne natur og  miljø og få ned klimagassutsleppa. Vi må òg diskutere om vi kan reise så mykje som vi har gjort i dette vesle landet, og om meininga med livet er tredobla økonomisk vekst eller om vi kan dele meir på arbeid og få likare fordeling. For å nå dei grøne måla, må vi ha nokre raude òg, som handler om maktforhold mellom arbeid og kapital og kva slags liv vi lever. Det er urovekkjande trekk i tida, og ein tendens til at noen sin fridom blir andre sin ufridom. På mange vis ser vi trekk av klasseskiller som kan setje oss tilbake i utviklinga. Sjå på dei streikane som kom i haust. Fagrørsla slit i kamp mot lausarbeid og lågtløn, medan eigarar i privat sektor tek ut store utbytte. Leiarlønningane i offentleg sektor dreg òg ifrå. Dette må gjerast nok med. I sunt samarbeid og jambyrdig partsforhold på arbeidsplassane kan ein få til mykje god innovasjon. Då klarer vi skape fleire trygge jobbar og verksemder som er omstillingsdyktige. Vi har gode tradisjonar for dette i landet vårt, men diverre har både offentleg og privat sektor latt seg fascinere av styrings- og leiingsformer som er framande for oss. Vi må regulere maktforholda slik at vi ikkje har så mange redde og utrygge og makteslause folk i arbeidslivet. Vi må forby bemanningsbransjen, vi må satse på fornybar energi og vi må slutte å leite etter olje. Det er blant forslaga vi i LO i Oslo har diskutert nettopp.

– Kva er dei viktigste hindringane for å nå klimamåla?
– Tanken om evig økonomisk vekst er elefanten i rommet. Det må vi berre innsjå, og dette må vi begynne å diskutere, også i fagrørsla. Ellers kjem vi aldri heilt i mål, er eg redd. Ei anna og meir kortsiktig hindring er dersom vi let oss lure inn i den polariserende debatten som nokre vil ha, mellom yrkesgrupper med deira faglege krav og miljøaktivister, i staden for å finne sammen i felles løysingar. Vi må heller lytte til fagfolk, sette sammen mangfaldige grupper som vil endre kursen. Vi må heie fram initiativ frå politikatar som tør vere dristige og nytenkjande. I dag, måndag 7.12, har vi i LO eit digitalt møte om partiprogramma som kanskje og interessererer dei engasjerte folka i Besteforeldrenes klimaaksjon. Sjå lenkje til sida vår der den strøymes frå kl. 18: https://lo-oslo.no/politiskpub/ På samme vis som vi klarte med kampanjen Klimavalg 2013, må vi få tyngde bak nokre konkrete krav som fører oss framover. Eg er optimist!

Spre klimavett,
del denne saken!

2 kommentarer

  1. elisabeth briseid | 07.12.2020

    Inspirerende og løfterikt!

  2. Christian F. Holst | 07.12.2020

    Ingunn Gjerstad har bra meninger om klimahandling. Hun trekker også frem det som hindrer en grønn omstilling. Håper hun får med seg resten av LO. Dette er løfterikt og jeg håper virkelig at hun blir valgt til ny leder av LO i Oslo.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*