Om barnebarn og framtidsvon

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    torsdag 23. jul 2020
  • AV:
    Redaksjonen
mest lest terje

Å bli besteforelder gjer noko med oss. For ei tid sidan kunne vi fortelje om nybakt farfar Terje Vatland i Kvinesdal: – Hei, eg har gått og fundert på kva mi best kan gjere for og gje noko fornuftig til våre barnebarn. Eg og sambuaren har nyleg meldt oss inn i Besteforeldreaksjonen. I tillegg sender mi 5000 kroner til organisasjonen. Vert det fleire barnebarn, kjem det meir pengar frå oss!

Ei krevjande framtid
Terje og sambuaren Erna bur på Kvinlog. Han er kyrkjegardsarbeidar og ho heimeværende. – Å bli besteforeldre tykte mi var fantastisk, men òg urovekkjande, seier Terje. – Ein kan jo ikkje berre lulla seg inn i noko slags privat idyll. Mi veit at desse barnebarna som lyser opp livet vårt, kjem til å leve sine liv i ei verd prega av store og krevjande utfordringar. Ikkje minst gjeld det det klima og miljø.

Terje hadde tidlegare ikkje høyrt om Besteforeldrenes klimaaksjon, fortel han. – Eg kom over organisasjonen, nærast tilfeldig, då eg surfa rundt på nettet for å sjå om eg kunne finne eit godt formål å støtte. Og dette var jo midt i blinken!

Dei melde seg beinveges inn, begge, og bestemte seg altså for i tillegg å gje 5000 kroner til organisasjonen. – Mi er unge besteforeldre så det skulle vere godt mogleg at det vert fleire barnebarn og dermed fleire gåver i åra som kjem, ler Terje.

Nestleiar i landsstyret, Finn Bjørnar Lund, er begeistra for idéen. – Vi kan sjølvsagt ikkje vente at medlemmar skal betale meir enn kontingenten. Men for dei som har råd til det, og lyst til det, kan dette vere ein fin måte å støtte oss. Ei investering i barnebarns framtid, som Terje Vatland seier. Difor har vi no også laga eit fint takkebrev som Erna og Terje er dei første til å få, og kan hengje på veggen om dei vil. Vi vonar dei skundar seg med å få fleire barnebarn!

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*