Bodø farvel

Bodø farvel

Etter omtumlende dager i Bodø er Normann Natland på veien sørover Helgelands-kysten. Varmt møte med ungdom som syklet med da han dro. Og de aktive damene på Grønt Forum og Gjenbrukssenteret i Salten har satt spor, – han har nå lært seg å protestere mot all plastbruken i matvarebutikkene han er innom: «Eg vil gjerne ha en papirpose til desse tomatene – har dokker ikkje heller dét?»

Normann på besøk i Grønt Forum. Mange flotte damer – mem kor pokker… ja, kor er alle MENNENE som også bør være opptatt av det grønne skiftet??

Fleire tankar surrer rundt i det vetle hovudet mitt etter dagen i går på møtet med Grønt Forum med fleire aktive og dyktige personar…. Eg har så mykje å læra om korleis me skal skape eit bærekraftig klima for framtida.

Fleire ville ta del med meg under starten på neste sykkelløkt. Eg setter stor pris på at dei heier på Besteforeldreaksjonen og at dei gjer det på ein slik måte. Etter 28 km og Saltstraumen nådd, var det tid for mat og eit nesten tåredryppande farvel (men vi sjåast nok seinare ein gong).

Foto: Anita Haugen / Natur og Ungdom

Så vart eg aleine i eigne tankar. Om klima, livet vi lever i, kor sterkt engasjert mange er – og kor uforståeleg lite andre er opptekne av det samme.

Uansett, eg er heldig som kan sykla slik eg no gjer, få oppleva vakre fjellvatn omkransa av nyutsprungne bjørk samtidig som snøen lager eit fint kvitt teppe i bakgrunnen opp mot fjella. Langs vegen og på flatene innst i fjorden ligg småbruka. Alle malt i same farge; kvite hus og raude fjøs.

Sååååå kom regnet, mykje, mykje meir enn eg nokon gong har opplevd, tror eg (utenom i Bergen då). Det å sykla med to tunge sykkeltasker, telt, sovepose i motvind og kraftig regn …! Då er det godt når ein om kvelden endeleg kan rulla ut liggeunderlaget på golvet på eit venterom på eit ferjeleie, og kryp opp i soveposen. – Min lengste dagsetappe til no, 160 km.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*