Støtter ungdommen i Valdres

bodvar Margarete Valdres
Tekst og foto: Stine Bækkelien

Blant dei mange unge som deltok på klimastreiken på Fagernes fredag 24. mai, var det to personar som skilde seg ut, skriv avisa Valdres. Bodvar Sonstad (73) og Margaret Heldor (67) frå Besteforeldrenes klimaaksjon. – Vi er her for å støtte barna som streikar i Greta Thunbergs ånd, seier Bodvar. Vi vaksne må nekte å la framtidige generasjonar arve ein døande planet fordi vi unnlèt å handle.

Frå «Valdresen» 2. juni:
Dei to representantane frå Besteforeldrenes klimaaksjon deltok på heile klimastreiken og var med å på kampropa, marsjen og heldt appell. – Min mor var miljøaktivist. No er ho 96 år og bur på sjukeheim. Då eg fortalde ho at eg hadde vore på demonstrasjon utanfor Stortinget i mars, sa ho til meg: Margaret, kan ikkje du lære meg litt om klima? fortalde Margaret Heldor til dei klimastreikande ungdommane på Skiferplassen på fredag. – Hugs at de har nokon i familien som treng å lære om klima, og de må hjelpe dei til å forstå at dette er alvor!

Margit Onstad, Eva Hoffmann og Mari Skattebo droppa skulen for klimaet på fredag. – Eg streikar fordi eg syns politikarane ikkje gjer nok. Eg vil at vi skal bli høyrt og tatt på alvor, seier Eva. Foto: Stine Bækkelien / Valdres

Syver Rolandsgard Hauge, Jessa Harmen Boiten og Mons Før. – Eg er irritert på politikarane, dei gjer ikkje nok, seier Mons. Foto: Stine Bækkelien / Valdres

Kva vil vi ha? – Klimahandling – Når vil vi ha det? – NO!, var eit av kampropa dei streikande sa i løpet av dagen. Foto: Stine Bækkelien / Valdres

Mons Før (12) har mange gode idear til kva lokalpolitikarane i Valdres kan gjere når det gjeld klimapolitikken. – Dei kan jobbe for å få til meir og betre kollektiv transport, sette opp fleire ladestasjonar for el-bilar og fleire søppelkasser. Alle kan gjere noko, men politikarane må legge til rette for det, seier han. Foto: Stine Bækkelien / Valdrees

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*