Trondheim: Sommaravslutning med sykling for klima

  • DATO: 
    11/06/2020 - 12/06/2020
  • Klokkeslett: 
    torsdag kl 14:00 til fredag kl 23:59
  • STED: 
    Trondheim

Normann Natland, besteforeldreaktivist og sykkelambassadør, er på veg frå Alta til Bergen. Sjå prosjektet Sykle for klima

Han kjem til Trondheim onsdag 10.06 og blir til fredag 12.06, og vi har planlagt å ta godt imot han med forskjellige aktivitetar.
Vi kombinerer dette med sommaravslutning for BKA i Trondheim, og dette er sjølvsagt ope for alle som vil, både medlemmar og andre.
Gi beskjed til Ola viss du kan møte med sykkel og bli med på programmet med sykkel.
oladim@online.no eller tlf. 91882645

Onsdag 10.06.
Tidspunktet er førebels uavklart, men det blir på ettermiddag/kveld.
Besteforeldre og miljøagentar møter Normann når han er på veg til byen, og vi syklar saman mot sentrum.
Vi skal ta kontakt med media og det blir kanskje foto-opphald på Bybrua eller noko anna intervju osv.
Normann drar til Hans Kristian etterpå.

Torsdag 11.06.
Kl 14. Samling på toppen av Nordre gate, Brun-hjørnet.
Der har vi ei markering med appellar m.m, og vi syklar kanskje ei lita runde i byen, på torget osv.
Kl 15.30. Vi samlast til hyggeleg samvær på Marinen, syng nokre songar og Normann fortel om turen.
Ta med kaffe/te til eige bruk og noko å bite i for dei som vil. Vi er sjølvforsynte i desse korona-tider.

Fredag 12.06, tidpunkt usikkert.
Normann syklar vidare, dei som vil kan sykle saman ut av byen.