SYKLE FOR KLIMA – Dale i Sunnfjord

  • DATO: 
    25/06/2020
  • Klokkeslett: 
    kl 14:00 til kl 15:00
  • STED: 
    Dale i Sunnfjord

Normann Natland, 68 år og nyslått pensjonist, er ute på sitt livs sykkeltur – frå Alta til Bergen, 2200 km. Han syklar for framtida og for sine barnebarn. Undervegs har han drive bevisstgjeringsarbeid om klimatrugsmålet, verva medlemer til Besteforeldrenes klimaaksjon – og sykla delar av vegen saman med andre sykkel- og miljøentusiastar.

Sjå alle nyheitssaker om Normann Natlands «sykle for klima»-prosjekt HER!

Torsdag 25. juni kjem han til Dale, for eit interessant og hyggeleg møte med alle som har lyst å delta. Torodd Fagerheim tek med trekkspel og songhefte. Erik Solheim kjem frå Førde for å halde ein kort appell – og vere forsongar. Normann sjølv vil fortelje litt frå sykkelturen som starta 10. mai, i motvind, snø og kulde!

Ta med barn, familie og vener og bli med på eit sosialt klimatreff i parken i Dale kl 14.00. Kaféen rett ved er open. Ta med sykkel, dei som har lyst å slå følgje med Normann eit stykke når han syklar vidare mot heimstaden Bergen.

For spørsmål, kontakt Halfdan Wiik, som er redaktør for www.besteforeldreaksjonen.no og som samarbeider med Normann om lokale arrangement: h-wiik@online.no tlf 971 96 809

Spre klimavett,
del denne saken!