Energi for framtida

energi 1
Foto: Ola Dimmen

Om lag 60 personar hadde funne vegen til Litteraturhuset i Trondheim på måndag. Der var det klart for tredje og siste møte i serien «Energi i et klimaperspektiv». Møterekkja har vore eit samarbeid mellom oss i BKA og NTNU Energi. Denne gongen var det vår tur til å leggje fram rapporten om kraftbalansen, frå energigruppa til BKA.

Ola Dimmen orienterar:

I desse tider får ein lett inntrykk av at all norsk straum er på veg ned i eit svart datasenterhol. Då er det nyttig å ha is i magen og sjå litt nøkternt på utviklinga. Katrina Hjermann frå Grønt Kontor på NTNU, som snart er ferdig utdanna arkitekt, opna møtet med å fortelje om ideen bak Grønt Kontor. Det skal vere ein møteplass for nye idear og knyte studentar saman i arbeidet med grøn omstilling. For det finst mykje optimisme og skaparglede blant studentane. Det er det viktig å få fram.

Kjell Sivertsen frå energigruppa i BKA fekk god tid til å gå gjennom rapporten om kraftbalansen. Konklusjonen står fast: Vi har inga energikrise i Noreg, og vi treng heller ikkje få ei, så lenge vi fører ein politikk som styrer straumforbruket på ein fornuftig måte. Både BKA og NVE meiner at vi kan halde oppe eit kraftoverskot fram mot 2050.

Ei viktig årsak er at elektriske motorar er mykje meir effektive enn bensin- og dieselmotorar. Vi kan òg bruke langt meir vassboren varme til oppvarming. Varmepumper kan hente varme frå luft, vatn og ikkje minst berggrunnen. Kjell tok òg opp elefanten i rommet: forbruket vårt. Veks forbruket for mykje, kan kraftoverskotet fort bli borte. Samstundes tappar vi jorda for ressursar. For Noregs del fell overforbruksdagen i år allereie i midten av april!

Dette var òg eit hovudpoeng hos Ann Mari Svensson, som snakka om transport, biodrivstoff og batteriteknologi. Betre og billegare teknologi fører ofte til at vi brukar meir, minna ho om. Til dømes kan folk skaffe seg to bilar i staden for éin.

Jan Sandstad Næss tok utgangspunkt i eventyret om dei tre små grisane som skulle byggje hus. Husa av strå og tre heldt ikkje stand, men då grisane flytta saman i mursteinshuset, ordna det seg. Huset var solid og heldt betre på varmen. Og når dei budde saman, trong dei mindre buareal kvar.

Det siste er eit poeng å ta med seg. Mindre buareal per person sparer både materialar og energi, og mange av oss har svært god plass her i landet. Og så har vi Norgespris, som subsidierer straumforbruket. Det er vel eit tankekors?

Randi Kalskin Ramstad snakka om bergvarme og om å lagre varme til vinteren i såkalla jordtermosar. Panelomnen må på museum, meinte ho. Elektrisk oppvarming tek rundt 70 prosent av straumen i Noreg. Ho meinte òg at bergvarme og geotermisk varme frå djupare berglag vil kome for fullt framover. Krig og konfliktar viser kor sårbar energiforsyninga er når vi er avhengige av fossil energi. Omstillinga vil tvinge seg fram.

Etter det dårlege resultatet på COP31 var dette godt å høyre! Eg kjende at det gjekk an å puste litt lettare, trass i makta til fossilgigantane som øydelegg det internasjonale klimasamarbeidet.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*