Før innspurten …

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    lørdag 21. nov 2026
  • AV:
    Redaksjonen
Torvet 2
Unge og eldre saman i Trondheim i går: Leiar i Studentersamfundet leia markeringa på Torvet.

Laurdag morgon 21. november er COP31 på overtid, og noko endelig politisk avtale er enno ikkje på plass. Motsetningane er sterke, og for vegkartet bort frå fossil energi er situasjonen fastlåst. Fredag ettermiddag hadde Trøndersk natur- og klimaallianse likevel ei markering av avslutninga på dei to vekene med forhandlingar.

Vi var så heldige at Ulrik Dager Sneve, leiar i Studentersamfundet i Trondheim stilte opp som konferansier, fortel Ola Dimmen – som sjølv har vore i Antalya og opplevd noko av stemninga rundt COP31. – BKA opna i kjend stil med allsong, denne gongen også med nyvinninga «Ropertkoret» (inspirert av roperten Ola brukte på gata i Tyrkia).

Etterpå heldt Maia Sandoval Haug frå NU og Liv Marit Henriksen frå BKA appellar. Maia var nett komen tilbake frå NU-aksjonane for å redde Førdefjorden og fortalde korleis ungdommen i NU no kjempar for å bevare framtidshåpet og naturgrunnlaget. Liv Marit trekte dei store linjene i klimakampen og alvoret som vi no står overfor. Ola Dimmen fortalde om Noreg sin innsats på klimatoppmøtet, og bakgrunnen for den lite ærefulle prisen «Fossil of the day». Vi oppfyller ikkje eigne klimamål, vi satsar for fullt på oljeleiting og produksjon i Arktis, og heng etter med klimafinansiering i fattige land. Auka midlar til bevaring av regnskog er flott, men manglande vilje til å feie for eiga dør er jo veldig skuffande i møte med klimakrisa.

Litt hustrig regnver ein fredag ettermiddag i Trondheim gjorde at oppmøtet kanskje ikkje var det beste, men arrangementet vart avslutta veldig hyggeleg med gratis mat og samvær på vegetarrestauranten Stammen i Kongens gate.

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*