Det seier Helga Hjetland, som mange hugsar som ein markant leiar for Norsk Lærarlag. Ho er no nestleiar i Pensjonistforbundet, og har seks barnebarn og to oldebarn. – Og kvar einaste dag så bekymrar eg meg for den verda dei veks opp i. Kva kan ein då gjere? Jau, ein kan iallfall støtte og bli med i Besteforeldrenes klimaaksjon!
Medlemstalet i BKA veks no godt, vi har passert 8000 og er på god veg mot 9000. Eit viktig grep i denne samanhengen er at vi har styrka annonseaktiviteten på Facebook, – her kan du melde deg inn med eit enkelt klikk. Nyleg har vi lagt ut ei videohelsing frå Helga Hjetland, ein person som nyt stor respekt blant folk i dei eldre årsklassane. Vi hugsar ho frå TV-ruta der ho debatterte og argumenterte, alltid sakleg og med ein appell som var heilt hennar eigen, for fellesskulen og lærarane sin plass i samfunnet. Akkurat ein slik lærar som barna våre skulle ha, tenkte vi!
Men no er Helga uroa over dei store og alvorlege klimaendringane vi ser rundt oss: – Sommaren er blitt lenger, vintaren kortare og ungane våre får nesten ikkje gått på ski meir. Havet vert varmare og breane på Vestlandet er i ferd med å forsvinne. Klimaet er gått heilt av skaftet, og det er menneskeskapt. – I denne situasjonen er det viktig at vi besteforeldre er i stand til å gje ungane framtidshåp og tru på at det nyttar å engasjere seg!
– Vil du bli med i Besteforeldrenes klimaaksjon, du også? Send SMS med kodeord «MEDLEM» til 1990.
Stå på Helga!
Stå på BKA!
Veldig bra! Takk!