Høyr på oss!

MA BKA Starmus
SAMAN FOR JORDA VÅR. Det er symbolkraft i det når barn og eldre aksjonerar saman. Foto: Ola Dimmen

Den internasjonale Starmus-festivalen i Trondheim trekkjer deltakarar frå heile verda. I dag vart dei møtt  ved inngangen av Miljøagentar og Besteforeldre som aksjonerte saman for klodens framtid, med song og musikk og slagord:

Ikkje ødlegg jorda vår! Vi skal ha den i mange år!
Høyr på oss som overtar! Den einaste jorda vi har!

Vi drog til skikkelig til og sørga for å bli lagt merkje til og godt høyrt over hele området, fortel Ola Dimmen, som er musikalsk leiar for Besteforeldrenes populære rangleorkester. – Det er spesielt hyggeleg og inspirerande å få gjere noko saman med Miljøagentane. Dei hadde førebudd seg med plakatar og eigne rop. Dei markerte at vi har ei Grunnlov og ein miljøparagraf som skal gjelde for alle, men som blir broten kvar dag av dei som skulle vite betre!

Vi opplevde å få mykje entusiastisk respons frå deltakarane på Starmus, med smil, klapping og ivrige tomlar opp. Nokre av dei stoppa opp og ville vite meir om kven vi var. Det var folk både frå Tyskland, Spania og andre nasjonalitetar, så kanskje vi sådde nokre frø. Til og med kronprisesse Mette-Marit vinka entusiastisk då ho gjekk forbi oss.

Ola Dimmen tykkjer sjølvsagt óg det var stas at Miljøagentane og Besteforeldrene fekk æren av å opne kveldens NRK2-sending frå Starmus-festivalen, der temaet nettopp er trugsmålet frå global oppvarming: «Kan kloden reddes?» https://tv.nrk.no/serie/starmus/DMTV23500517/22-06-2017 

Også går var vi ein gruppe frå Besteforeldreaksjonen på plass under Starmus-festivalen. Dei markerte seg med plakatar og banner, tromming og rop: «Save the climate, not the oil, save the Arctic, not the oil!» Foto: Anne Grete Torwick

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Linda Rundquist Parr | 24.06.2017

    Ja, samarbeid med Miljøagentene er så riktig, så riktig. Artikkelen var dagens vitamininnsprøyting. Vel blåst, ser det ut som.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*