Besteforeldrenes klimaaksjon arrangerar opne møte om aktuelle tema, med gode føredragshaldarar. Denne gongen får vi besøk av Jørn Øyrehagen Sunde, som snakker om:
KLIMARETTSSAKER – EIN FARE ELLER EIN STYRKE FOR DEMOKRATIET?
Jørn Øyrehagen Sunde er professor i rettshistorie ved Institutt for offentleg rett i Oslo, domstolsforskar og var sterkt engasjert i formidlinga av Klimasaka i Høgsterett i 2020.
Medan Klimasaka verserte for norske domstolar mellom 2018 og 2020, vart det argumentert for at den representerte ei amerikanisering av norsk rettsliv og ei flytting av makt frå politikk til domstolar. Seinare utvikling i USA har vist at ei amerikanisering av rettslivet er det motsette: Ei nedbygging av maktfordeling. Seinare internasjonal rettspraksis har vist at det er domstolane si plikt til å korrigera politikk som krenkar menneskerettane og er dobbelmoralsk. På denne bakgrunnen kan ein spørja kor ein står i Norge i dag, fem år etter Klimasaka vart avgjort i Høgsterett?
