Ålesund: litteratur med klimablikk

  • DATO: 
    06/09/2025
  • Klokkeslett: 
    kl 14:00 til kl 15:00
  • STED: 
    Biblioteket Moa, Ålesund


Arbeid med klima, naturtap og berekraft kan også finne sin inngang gjennom ulike kulturuttrykk; song, teater, poesi, litteratur m.a. Dette har vi brukt å minne kvarandre på når vi dei siste åra har arrangert litterære klimablikk i Moa bibliotek.

Gjertrud Jynge, skodespelar frå Det Norske Teateret vil ta oss med inn i Jon Fosse sitt poetiske univers, i tillegg framføre monolog frå Trilogien. Jynge er anerkjend som ein av dei fremste formidlarane av Fosse si dikting.

I tillegg vil den lovande saksofonisten Håkon Hagen Knudsen ramme inn opplesinga med sine tonestreif, slik at dette vil bli ein gyllen time vi kjem til å minnast lenge.

Arrangørar: Besteforeldrenes klimaaksjon, Naturvernforbundet, Natur og Ungdom og Moa bibliotek

Spre klimavett,
del denne saken!