Argumentsamling v/Ola Dimmen

Argument og motargument i klimadebatten fram mot valget i 2017

Dette er eit forsøk på å samle ein del motargument mot nokre av dei vanlegaste argumenta frå oljebransjen, «oljepartia» og regjeringa.

Samlinga legg ikkje hovudvekta på å vise kva klimapolitikk og kva tiltak som bør gjennomførast, men her kan ein finne mykje informasjon og idéar på diverse nettstader: Broen til framtiden ; Klimavalgalliansen ; Besteforeldrenes klimaaksjon ; Concerned Scientists osv. Sjå td. «10 klimavettregler» ; Concerned Scientists sitt opprop om berekraftig samfunn ; Besteforeldrene sitt brev til førstekandidatene i Hordaland

Send gjerne forslag til rettingar og utbetringar: oladim@online.no

Ola Dimmen, juli 2017. Medlem i Besteforeldrenes klimaaksjon.

Oversyn

1. Klimagassutsleppa gikk ned i 2016.
2. Klimaforliket er styrka gjennom budsjettavtalen for 2016 og budsjettavtalen følgjer opp med konkrete tiltak som opptrappingsplan for biodrivstoff og vidareføring av elbilfordelane.
3. Norge har vedtatt ny klimalov.
4. Regjeringa har lagt fram klimameldinga som viser norske utsleppskutt.
5. Kjøp av kvoter gir større reduksjon i utsleppa globalt enn når vi bruker pengane på utsleppskutt i Noreg.
6. Norge vil oppfylle Parisavtalen og har forplikta seg til å redusere utsleppa med minst 40 % innan 2030 saman med EU.
7. Miljøbevegelsen vil stoppe all oljeleiting og legge ned oljenæringa.
8. Grøn energiforsyning kan aldri erstatte kol, olje og gass.
9. Nedlegging av oljenæringa vil føre til kollaps i norsk økonomi.
10. Viss vi legg ned oljenæringa, vil fleire hundre tusen arbeidsplassar gå tapt.
11. Velferdsstaten og vår framtidige velferd er avhengig av inntektene frå oljenæringa og opning av nye oljefelt i Barentshavet og Lofoten, Vesterålen og Senja.
12. Gass er brua til fornybarsamfunnet.
13. Verda treng olje og gass, spesielt veksande økonomiar i Afrika og
14. Det er plass til 44 % fossilt i verdens energimiks innanfor togradersmålet i 2040 i følge World Energy Outlook 2015.
15. Norge kan produsere reinast og det er ein fordel for klima viss Noreg produserer olje og gass framfor at andre land gjer det.
16. Viss vi legg ned vår produksjon , vil den bli erstatta av olje og gass frå land som produserer med meir forurensing.
17. Oljeselskapa betalar svært mykje skatt, 78% .
18. Vi vil finne opp teknologi som tar klimagassar ut av atmosfæren.

  1. Klimagassutsleppa gikk ned i 2016.

* Nedgangen frå 2015 til 2016 var litt under 1 prosent og skuldast i hovudsak importert biodrivstoff som er laga av palmeolje og rapsolje. Dette er ikkje klima-og miljøvenleg.37

* Noreg og Bulgaria de einaste to landa i Europa som ikkje har lukkast med å redusere klimautsleppa sine 2000-2015, i Ifølge tall frå BP Statistical Review of World Energy.38

  1. Klimaforliket er styrka gjennom budsjettavtalen for 2016 og budsjettavtalen følgjer opp med konkrete tiltak som opptrappingsplan for biodrivstoff og vidareføring av elbilfordelane.34

*Regjeringa oppfyller ikkje målsettingane i klimaforliket som skulle redusere utsleppa før 2020.36

* Regjeringa og Arbeiderpartiet har i praksis brote klimaforliket i Stortinget frå 2012. Dei forplikta seg til å redusere norske klimagassutslepp fram mot 2020, men sidan 2012 er  utsleppa uendra. No snakkar ingen av de store partia lenger om 2020.39

* Norge mistar truverd i klimapolitikken og tap av omdøme internasjonalt når vi set oss mål som ikkje blir innfridde og stadig flytta fram i tid.

* Jens Stoltenberg skriv i boka si «Min historie» at vi har bedratt oss sjølve fleire gonger med å stadig utsette dei utsleppsmåla vi ikkje klarer å oppfylle.35

  1. Noreg har vedtatt ny klimalov.

* Ny klimalov er i utgangspunktet eit positivt til tak, men lova er ikkje god nok.42

* Noreg må ha nullutslepp i 2050, ikkje berre vere eit «lavutslippssamfunn».

* Lova gir ikkje rettigheiter til borgarane, men skal vere forpliktande for regjering og storting.40

*Godt klima er altså ikkje ein rett vi har i følgje lova og borgarane kan ikkje gå til domstolane viss dei meiner lova er broten.

* Framlegginga av klimamål og klimahandlingsplaner bør bygge på råd frå eit eksternt og uavhengig fagorgan; eit klimaråd.42

*Oppfølginga og kontrollen med klimalova blir bl.a. overlatt embetsverket som regjeringa kan instruere.40

* Kontrollen kan fort bli ein «bukken og havresekken» situasjon.

  1. Regjeringa har lagt fram klimameldinga som planlegg norske utsleppskutt.

* «Regjeringa driv med tallmagi» seier Steffen Kallbekken Cicero. Dei påstår at vi skal ta 2/3 av kutta i Noreg, men i realiteten skal vi kutte berre 13-14 prosent og kjøpe oss fri med klimakvoter for resten.41

* Lars Haltbrekken seier at det er alvorleg at klimaministeren ikkje presenterer nye tiltak for å kutte utsleppa av klimagassar i Noreg.41

* Hans Martin Seip seier: Viss mange land, inkludert Noreg, tar opp all olje og gass, vil ikkje vår sivilisasjon overleve. Klimameldinga problematiserer ikkje dette grunnleggande dilemmaet og dette er svært kritikkverdig.46

  1. Kjøp av kvoter gir større reduksjon i utsleppa globalt enn når vi bruker pengane på utsleppskutt i Noreg.

*  Klimakvoter er øydeleggande for motivasjonen for å gjere ein innsats på heimebane.

* I 2013 kravde  130 miljøorganisasjonar at vi må avvikle kvotesystemet i EU.

* Kjøp av kvoter gir ikkje den omstillinga som vi treng, men forhindrar og utset den.

* Kvoteprisane er altfor lave og kvotene altfor mange til å redusere utsleppa.1

* EU har eit stort overskot av klimakvoter og det foregår ein stor debatt i EU om korleis ein kan redusere dette «fjellet av kvoter».28

* I 2013 var overskotet av kvoter i EU på 2,1 milliardar tonn CO2 ekvivalentar.28

* Mange land har hamstra kvoter slik at dei  slepp å redusere eigne utslepp.  For eksempel har Tyskland starta opp att kolkraftverk for å bruke opp kvoter.

* Staten kjøper kvoter og sponsar oljebransjen med gratis kvoter som dekker ca. halvparten av utsleppa frå produksjonen.2

* 43% av EU sine klimakvoter til gitt gratis til forurensande industri, td. sementindustrien.31

* Gratis klimakvoter bryt med prinsippet om at forurensar skal betale.

* Alternative til kvoter kan vere Karbonavgift til fordeling ( KAF) der forurensar faktisk betalar for utsleppa.53

* Kjøp av klimakvoter i U-land gir liten reduksjon i klimagassutslepp fordi U-landa har ein svært liten del av dei samla globale utsleppa.

* Norske klimakutt innanfor kvotesektoren har ingen effekt på samla globale COutslepp.3

* Viss Noreg slepp ut 1 tonn mindre innanfor kvotepliktig sektor i EU, td. oljesektoren, betyr det at andre kan sleppe ut 1 tonn meir og omvendt.3

* Klimakvoter på billegsalg er fribillett til forurensing.

  1. Noreg vil oppfylle Parisavtalen og har forplikta seg til å redusere utsleppa med minst 40 prosent innan 2030 saman med EU.34

* Vi har svært dårleg tid og vi må redusere klimagassutsleppa radikalt lenge før 2030.49

* Norsk oljepolitikk i Arktis er sabotasje av Paris-avtalen.7

* Dei globale forpliktelsane i Paris-avtalen og dei samla innmeldte klimatiltaka er berre ein tredel av det som trengs før 2030 for å unngå katastrofal global oppvarming.5

* Norsk petroleumspolitikk satsar på eit stort framtidig forbruk av olje og gass. Dette vil sprenge jorda sitt karbonbudsjett og alle tolegrenser for klimagassutslepp .26

* Noreg har lova 40 prosent kutt innan 2030, men har ingen verkemidlar for dette. Det er grunn til å mistenke av Noreg vil kjøpe seg fri med kvoter.

* To grader gjennomsnittleg global oppvarming er svært farleg og kan føre til usnuelege og sjølvforsterkande klimaendringar.6

* To grader gjennomsnittleg global oppvarming betyr at Arktis blir 4 grader varmare.55

* Noreg må redusere sine utslepp mykje meir enn vi har meldt inn til no viss vi skal bremse global oppvarming til maks 1,5 grader eller evt. 2 grader, men vi har ingen planar for dette.

* Innhaldet av CO2 i atmosfæren er allereie 410 ppm51 og ved 450 ppm må vi slutte å bruke kull, olje og gass viss vi skal halde gjennomsnittleg global oppvarming under 2 grader.50

* Det er berre 4 år igjen med dagens forbruk av fossile energikjelder, før vi når 1,5 grader global oppvarming og 20 år igjen før vi når 2 grader.17

* Noreg må kutte 800 000 tonn CO2 i året viss vi skal nå klimamåla for 2030. Regjeringa vil kutte 200 000 og V og KRF ca. 50% meir enn regjeringa. Vi oppfyller aldri Paris-avtalen med denne politikken.4

* Statoil og Noreg sitt engasjement i tjæresand i Canada var i strid med all fornuftig klima og miljøpolitikk.

  1. Miljøbevegelsen vil stoppe all oljeleiting og legge ned oljenæringa.

* 70-80% av fossile ressursar må bli liggande i følge klimapanelet til FN. Dette har ikkje miljørørsla bestemt.

* Vi må starte ei avvikling over fleire år, men jo meir vi ventar til vanskelegare blir det.

* Samfunnet og fellesskapet vil kanskje tape fleire hundre milliardar når vi betaler for ulønsam og miljøfarleg oljesatsing i nord.8

* Regjeringa har ignorert alle miljøfaglige råd frå Miljødirektoratet mot å opne nye områder for oljeleiting.9

* Olje-og gassproduksjon i Arktis er avhengig av høg oljepris på verdsmarknaden, og oljenæringa og Stortinget satsar på høg etterspørsel og forbruk av olje og gass frå ca. 2030 og framover. Dette vil sprenge karbonbudsjettet til kloden og føre til katastrofale klimaendringar.

* Noreg satsar på stor etterspørsel etter olje og gass i framtida, og dette forutset at klimapolitikken blir mislykka.

* Det er skrive over 90 rapportar om områda rundt Lofoten, Vesterålen og Senja dei siste 12 åra. Folket, kommunane, fleirtalet i LO og ei rekke lokale organisasjonar er imot konsekvensutredning.24

* Konsekvensutredning for evt. oljeleiting og produksjon i Lofoten, Vesterålen og Senja, er ein del av opningsprosessen og ikkje nødvendig faktainnsamling.

  1. Grøn energiforsyning kan aldri erstatte kol, olje og gass.

* 1,5-gradermålet betyr ifølge Oil Change International at ingen nye felt kan opnast, og at ein del felt også må stengast før dei er tome.22

*Framtidsbilder med plass til meir olje og gass, f.eks. scenarier frå IEA krev at vi hentar ut CO2 frå atmosfæren i en heilt annan skala enn det som er teknologisk og økonomisk mogleg i dag.33

*Bruk av fossile energiressursar i framtida vil øydelegge jorda og er ikkje eit realistisk alternativ.

* Fornybarsatsinga er i sterk vekst og Noreg har alt som skal til for å utvikle ny teknologi og industri viss vi vil.

* Global etterspurnad etter fossilt vil truleg flate ut rundt 2022 og det vil utvikle seg enorme marknader for fornybar energi der Noreg kan satse på vind, sol, batteri og hydrogen.44

* Det er eksplosiv utvikling i fornybar kraft og Noreg må posisjonere seg i den framtidige fornybare energimarknaden.45

* Verden sløsar veldig med energi og smartare energiløysingar vil kunne redusere forbruket vesentleg. For eksempel kan opp til 97 % av energien forsvinne på vegen når vanlege lyspærer brukar elektrisitet frå kolkraftverk.

* Statleg støtte og investeringar i nye oljefelt er bortkasta pengar som i staden for kunne vore brukt til grøn omstilling utvikling av fornybare energikjelder.

* Prisen på solenergi har falle frå 50 til 25 øre pr. kilowattime på eit år. (Marius Holm, Zero konferansen)

  1. Nedlegging av oljenæringa vil føre til kollaps i norsk økonomi.

* Å oppretthalde oljenæringa i framtida er umogleg i forhold til klima og miljø.

* Utbygging av nye felt i nord er økonomisk og politisk hassardspel som kan ende med økonomisk kollaps og store tap for fellesskapet.

* Satsing på olje medfører stor klimarisiko. Det blir svært dyrt å omstille samfunnet og økonomien (overgangsrisiko) og vi risikerer erstatningskrav for å ha forårsaka klimaskader. (Ansvarsrisiko).32

* Fortsatt satsing på olje og gass, legg band på store ressursar innan forsking,  kompetanse, arbeidskraft og statlege støtteordningar.

* Viss klimakrisa slår inn, vil det øydelegge verdsøkonomien, norsk økonomi og velferdsstaten. Oljefondet og norske arbeidsplassar vil gå tapt.

* Sverige og Danmark har ikkje olje og klarer seg godt økonomisk likevel.

* Staten må støtte satsing på grøn omstilling og nye arbeidsplassar.

* Sjølv om gamle oljefelt var lønsame, er dette ikkje noko argument for å opne nye, ikkje lønsame oljefelt.

  1. Viss vi legg ned oljenæringa, vil fleire hundre tusen arbeidsplassar gå tapt.

* Nye arbeidsplassar i oljenæringa vil for ein stor del basere seg på «stranded assets», eller ubrukelege verdiar og er ikkje berekraftige arbeidsplassar på sikt.

* Vi er nøydt til å satse på lønnsemd i arbeidslivet og ikkje på ulønsame arbeidsplassar i framtidige oljeutbyggingar.

* Ei utfasing av oljesektoren er ei forutsetning for å kunne satse på grøne arbeidsplassar.

* Satsing på olje og gass i nord er først og fremt eit arbeidsmarknadstiltak for oljenæringa.

* Oljenæringa er inne i ein rasjonaliseringsprosess med bl.a. IKT og automatisering som vil redusere talet på arbeidsplassar i samband med nye utbyggingar.

* Evt. oljeutbygging i Lofoten, Vesterålen og Senja vil ligge svært nær land, og ulykker og oljesøl kan få katastrofale konsekvensar veldig fort.

* Ulykker og oljeutslepp vil kunne rasere naturområder og tusenvis av arbeidsplassar i fiskeri og turisme vil forsvinne.

* Fiskeri, fiskeoppdrett og turisme har reine hav og frisk natur som sitt viktigaste varemerke.

  1. Velferdsstaten og vår framtidige velferd er avhengig av inntektene frå oljenæringa og opning av nye oljefelt i Barentshavet og Lofoten, Vesterålen og Senja.

* Vi må hugse at Noreg var eit velferdssamfunn også før vi fant olje.

* Øydelagt klima betyr øydelagd velferdsstat.

* Velstanden i landet har meir med god styring enn naturressursar å gjere: Små økonomiske forskjellar, stabilitet, tillit til styringssystemet og en aktiv, heiderleg stat.10

* Olje-og gassproduksjonen i Barentshavet frå ca. 2030 vil truleg aldri gå med overskot pga.  høge kostnader og lav framtidig oljepris.11

* Oljesatsinga i nord vil tappe staten for enorme summar, kanskje opp mot 200 milliardar. Dette er pengar som kunne vore brukt til grøn omstilling.13

* Staten tar 90 % av risikoen ved investeringar i oljesektoren. Viss oljeselskapa ikkje går med registrert overskot, er desse pengane tapte.12

* Staten tar stadig større risiko ved å støtte og subsidiere oljenæringa. For eksempel ordninga med opphørsrefusjon gjer at staten risikerer å måtte utbetale store summar til oljeselskap som må innstille pga. manglande lønnsomheit.47

* Oljenæringa har skatteordningar og subsidiar som industrien på land berre kan drøyme om. 47

* Fortsatt oljeverksemd inneber stor klimarisiko både økonomisk og juridisk. Overgangsrisiko inneber dyre  endringane i produksjon og samfunnsorganisering og ansvarsrisiko betyr fare for erstatningskrav og skadebot for klimaendringar.32

* Oljeaktivitet i Lofoten, Vesterålen og Senja er svært miljøfarleg i strid med alle råd frå fagfolk.

* Økonomien, talet på nye arbeidsplassar og fordelane for velferdsstaten og Nord-Noreg er sterkt overvurdert i argumentasjonen for oljeboring i Lofoten.48

* Norsk oljepolitikk er hassardspel med velferden og framtida.

  1. Gass er brua til fornybarsamfunnet

* Ingen har til no greid å sannsynleggjere at norsk gass faktisk erstattar kull.

* Prisen på fornybar energi, sol og vind, er billegare enn gass i store delar av Europa og den vil også falle mykje i framtida.

* Gass bind oss opp til investeringar i olje-og gassutvinning for lang tid og kan stå i vegen for  fornybare alternativ.

* Gass er metan med 20-80 gonger så sterk drivhuseffekt som CO2 og lekkasjar ved produksjon, transport, lagring og bruk, har ein sterk negativ klimaeffekt på linje med utsleppa frå bruk av kol.15

* Viss vi erstattar all bruk av kol i verda med like delar olje og gass, vil utsleppa av CO2 minke med 15 %. Dette er altfor lite til å redde klima.14

* Gass er nesten like ille for klima som kol.15

* Verda må legge om direkte frå kol til fornybart.

* Viss gass skal erstatte kol, krevst det store og dyre investeringar i infrastruktur for gass: Produksjon, transport, lagring, fordeling og lokale investeringar hos brukarane.

* For å halde global oppvarming under 1,5 grader, må vi ned på netto null utslepp, og truleg også bruke karbonfangst og lagring i stor skala for å ta ut CO2 frå atmosfæren.

* CO2  kostandane ser dessverre ut til å bli lave fram mot 2030, og då blir det mindre økonomisk gevinst i omlegging frå kol til gass.

* Gass er brua til ingenmannsland der vi fortsatt er avhengig av olje og gassproduksjon.27

  1. Verda treng olje og gass, spesielt veksande økonomiar i Afrika og Asia.

* Under klimamøtet i Marrakech forplikta 47 av dei fattigaste landa i verda seg til å møte energibehova sine med 100 prosent fornybar energi så raskt som mogleg. Dei ber andre land om å gjere det same.23

* Bruk av solenergi i Afrika har mange positive effektar på helse, utdanning, matsikkerheit og næringsutvikling.25

*Energi er i stor grad eit prisspørsmål og Afrika og Asia vil ikkje kjøpe dyr norsk gass frå Barentshavet når dei har billegare energikjelder i nærområda: Kol og fornybar.

* Sol, vindkraft og reflektorovnar krev lite utbygd infrastruktur.

* Gass får nord til Afrika vil krevje eit omfattande, dyr og avansert infrastruktur: Produksjon, ilandføring, omgjering til flytande gass (LNG), transport med skip, ilandføring i Afrika, utbygging av infrastruktur i Afrika, sikker distribusjon og sikker bruk osv.

* Gass er metan, og lekkasjar av gass under produksjon, transport, lagring og bruk nullar nesten ut fordelen som gass har framfor kol i utgangspunktet.16

* Gasslekkasjane blir større jo dårlegare og mindre vedlikeholdt teknologien er.

  1. Det er plass til 44 % fossilt i verdens energimiks innanfor togradersmålet i 2040 i følge World Energy Outlook 2015.

* Dette talet er utrekna av Norsk Olje og gass og ikkje ein konklusjon frå IEA.

* «Det henger ikke på greip», sa Bjørn Samset om Statoils sine klimamodellar. Statoil driv gambling med, og ikkje sikring av, vår felles framtid.10

* IEA har undervurdert fornybardelen av den totale energimiksen i verda i alle sine prognosar  tidlegare og justerer ofte opp tala for fornybardelen i framtidige scenarier.

* IEA baserer sine mest optimistiske kalkyler for fossilt energiforbruk på at neste generasjon må ha negative utslepp, dvs. ta ut klimagassar av atmosfæren. Dette har vi ikkje teknologi til i dag og det vil truleg bli svært dyrt.

* Det er berre 4 år igjen med dagens forbruk av fossile energikjelder, før vi når 1,5 grader global oppvarming og 20 år igjen før vi når 2 grader.17

* Energisektoren må vere utslippsfri innan 2060.

* Oljeetterspørselen vil falle med 30 % i 2040 i følge IEA. Gassetterspørselen vil halde seg på om lag same nivå som i dag innanfor 1,84 grader oppvarming, men mange meiner vi må redusere fossilbruken endå meir.18

  1. Norge kan produsere reinast og det er ein fordel for klima viss Noreg produserer olje og gass framfor at andre land gjer det.

* Økonomiprofessor Knut Einar Rosendal ved NMBU har analysert utsleppa frå norsk sokkel og har kome fram til at det er svært stor skilnad frå felt til felt. Nokon felt har svært låge utslepp, andre svært høge.29

* 97 prosent av klimagassutsleppa frå olje kjem frå sluttbruken og det spelar liten rolle om oljen blir pumpa opp frå ein miljøsertifisert rigg på norsk sokkel.29

* Ein del  landbasserte oljefelt i Midtausten har lavare utslepp enn norske felt.

*«Norsk CO2» er ikkje reinare enn anna CO2  og norsk olje og gass som blir brend, gir ikkje mindre utslepp enn anna olje og gass.

* Norske utslepp av CO2 frå oljesektoren og frå industri og bergverk har auka med 2,5% melom 2014 og 2015. (Kjelde SSB)

* Sidan 1990 har samla norske utslepp av CO2 auka med 4,2 %. (Kjelde SSB).

* Statoil eit internasjonalt selskap og har operasjonar i ei rekke land der utsleppa er langt høgare.

* Klimarettferd: Viss fattige land og veksande økonomiar skal få nok energi, må dei ha førsteretten til å bruke fossil energi og rike land må redusere sitt forbruk.

* Det er politisk umogleg for Noreg å krevje at vi skal disponere ein mykje større del av karbonbudsjettet til kloden enn andre land.

  1. Viss vi legg ned vår produksjon , vil den bli erstatta av olje og gass frå land som produserer med meir forurensing.

* Dei som satsar fossilt og ikkje fornybart, kan bli taparar i ein framtidig energimarknad.

* Det er moralsk forkasteleg og politisk umogleg på sikt å fortsette å selge og produsere noko som øydelegg jorda.

* 100 selskap er ansvarleg for 71% av utsleppa på verdensbasis. Statoil er på 37. plass så Noreg har stort ansvar for global oppvarming.54

* Paris-avtalen krev felles innsats. Viss rike Noreg ignorerer sine forpliktelsar, vil andre land gjere det same og avtalen er i praksis død.

* Opning av nye oljefelt er sabotasje av Paris-avtalen.19

* Fossilt drivstoff kan delvis erstattast med biodrivstoff, men klimagevinsten er svært usikker.30

  1. Oljeselskapa betalar svært mykje skatt, 78% .

* Det er berre ca. 1/3 av oljeselskapa som i det heile tatt betalar skatt.20

* Den reelle skatteprosenten selskapa betalar er ikkje 78, men 68,7 prosent.47

* Staten har betalt ut 78 milliardar  i støtte sidan 2005 til oljeselskap som aldri har betalt skatt.8

* Skatten blir betalt av overskotet, og det er svært store avskrivingar og frådragsmuligheiter for oljeselskapa.21

* Statoil sine tap på utanlandsinvesteringar kan bli «norgeshistoriens største industriskandale.»52

* Oljeselskapa som kjem til å tape pengar i Barentshavet, kan trekke dette frå på sine inntekter td. i Nordsjøen. Skatteinntektene til staten/oljefondet  blir reduserte og staten betalar i praksis underskotet i Barentshavet.

  1. Vi vil finne opp teknologi som tar klimagassar ut av atmosfæren.

* Det er i dag ingen teknologi som kan rense atmosfæren for CO2. CCS (karbonfangst og lagring) er ikkje egna til å rense atmosfæren.

* IEA reknar med at vi må gjerne ca. 17 % av alle utslepp innan 2050 for å nå togradersmålet. Det blir enormt dyrt og vanskeleg å gjennomføre.

* Klimaendringane kan frigje store mengder metangass frå permafrost og havbotn. Dette er ikkje mogleg pr. i dag å samle inn.43

Kjelder. (Ctrl + klikk for å opne).

  1. «Gull for grønne skoger». Knut Arne Oseid, Universitas, 3.12.2015.
  2. «Du betaler for Statoils utslipp». Line Madsen Simenstad, Klassekampen, 26.09.2014.
  3. «Oljelobby på subsidiejakt i klimakamuflasje». Anders Bjartnes , Energi og klima, 17.08.2016.
  4. «Ikke i nærheten av å kutte klimautslippene nok.». Sættem og Solvang, NRK 30.11.2016
  5. «Grønt eller grått skifte»- Dag seierstad, Besteforeldraksjonen 13.11.2016
  6. »Klimarisiko – hvor stor er den egentlig?» Professor Hans Martin Seip, Besteforeldreaksjonen 20.05.2016.
  7. «Norge virker fast bestemt på å sabotere Paris-avtalen». James A. Hansen, 18.10.2016
  8. »Vi støtter gårsdagens helter». Nina Jensen, Energi og Klima 14.04.2016.
  9. «Regjeringen overkjører alle miljøråd ved oljeutlysninger.» Naturvernforbundet, notat 22.01.2015
  10. »Statoils virkelighetsbeskrivelse – står den til troende?» Halfdan Wiik, Energi og Klima 30.11.2016
  11. «Norge gambler milliarder på at Paris-avtalen mislykkes.» Zero v. Marius Holm i Aftenposten 23.11.2016.
  12. «De rødgrønne har administrert en oljeboble i norsk økonomi.» Professor i petroleumsøkonomi Øystein Noreng, Teknisk Ukeblad 8.08.2014.
  13. «Legger 44 operahus på ruletten.» Frederic Hauge, Bellona 21.01.2015.
  14. »Tall til glede og besvær». Kristoffer Rypdal, Nordlys 21.11.2016.
  15. »Debatten og gass og klima». Gunnar Kvåle og Hans Martin Seip, BKA 24.08.2016.
  16. «Gass er ingen løsning, den må fases ut.» Gunnar Kvåle og Hans Martin Seip, Energi og Klima 24.09.2014
  17. «Karbonbudsjettet- hvor mye mer CO2 kan verden slippe ut?» Energi og klima 14.11.2016.
  18. «IEA varsler dramatiske oljekutt hvis Paris-målet holdes» Stine Barstad- Aftenposten 16.11.2016
  19. «Norge virker fast bestemt på å sabotere Paris-avtalen». James A Hansen, 18.10.2016
  20. «Jo oljebransjen er subsidiert». Fredrik Hauge, Stavanger Aftenblad 6.05.2015.
  21. «Oljeskatten i energiomstillingens tid» Rapport nr. 6 2015, Energi og Klima.
  22. «The Sky’s Limit», Greg Miltitt, Oil Change International 22.09.2016.
  23. «World’s poorest countries to aim for 100% green energy». Matt McGrath, BBC News 18.11.2016
  24. «Jeg er så vanvittig lei av å høre at vi trenger mer kunnskap, sier Silje Lundberg i Naturvernforbundet.» Hilde Mangset Lorentsen, NRK 5.11.2016.
  25. «Solskinnshistorier». Videoserie om solenergi i Afrika, Energi og Klima 28.11.2016.
  26. «Tause om klimabudsjettet». BKA, artikkel om Erik Plahte og karbonbudsjettet 14.12.2016.
  27. «Klima krever rask utfasing av fossil energi – også gass.» Hans M. Seip og Gunnar Kvåle, Cicero 22.12.2016.
  28. «Grønt skifte stadig forsinket». Jørgen Steen Nilsen, Klassekampen 3.01.2017.
  29. «Klimaspinn frå Statoil». Lars-Henrik Paarup Micehlsen, Energi og Klima 8.01.2017.
  30. «Biodrivstoff kan være en blindvei.» Seip. Kvåle, Haugan, Wiik, Besteforeldreaksjonen 16.11.2016.
  31. «Grønt skifte stadig forsinket». Jørgen Steen Nilsen, Klassekampen 3.01.2017
  32. «Klimarisiko-rapporten som vil forandre verden». Anders Bjartnes, Energi og Klima 29.06.2017.
  33. «Klimagasser må fanges og fjernes». Prof. Olav Bolland NTNU, Eneregi og Klima 9.11.2016
  34. »Norge må ta større ansvar», BKA Hordaland brev til politikarar mai 2017.
  35. «Et av vår tids viktigste spørsmål». Erna Solberg svar til Thelma Kraft, BKA Hordaland juni 2017.
  36. «Farleg klimanekting». Gunnar Kvåle, Bergens Tidende 28.12.2016.
  37. «Norges Klimamål», Peder Ottosen Dagbladet 8.11.2016.
  38. »Norges klimagassutslipp gikk ned med knapt en prosent i fjor», Kjetil Fless, Naturpress, 20.05.2017.
  39. «Kan bli klimafiasko». Jo Røed Skåarderud, Klassekampen 7.11.2016.
  40. «Klimapolitikk i gjørma». Kari Elisabeth Kaski, Energi og Klima 17.11.2016.
  41. «Svakt forslag til klimalov». Steinar Høibakk BKA 1.12.2016.
  42. «Cicero: Regjeringen driver med tallmagi», Lisbeth Skei NRK 16.06.2017.
  43. «Forslag til klimalov, bedre men ikkje bra nok». Concerned Scientists 2.05.2017
  44. «Kupler av frossen metan kan være varlser om nye utblåsinger». Senter for arktisk gasshydrat i Tromsø, Juli 2017.
  45. «Enorme markedsmuligheter innen fornybar energi.» Martin Kirkengen, Sysla 11.01.2017
  46. «Eksplosiv utvikling i fornybar kraft». Einar Svendsen, Energi og Klima 4.07.2017
  47. «Søkelys på klimameldingen». Hans Martin Seip, Besteforeldrenes klimaaksjon.
  48. Det farlige oljeveddemålet». Fredrik Hauge, Bellona 10.01.2017
  49. «Villendende forenklingg av realitetene.»Wenche Cumming, leiar af folkeaksjonen oljefritt LOVESE 24.05.2017.
  50. «Klimaforsker tror ikkje lenger at verden kan reddes.» Intervju med Knut Halvor Alfsen, VG 21.04.2017.
  51. Utslippene våre hoper seg opp i atmosfæren.» Eilif Ursin Reed, Cicero 21.03.2017.
  52. «We just breached the 410 ppm treshold for CO2». Brian Kahn, Scientific American 21.04.2017.
  53. «Statoil-frå løsning til problem». Prof. I petroleumsøkonomi Øystein Noreng, NRK Ytring 8.04.2017.
  54. «Hvordan kan en karbonavgift fungere?» Møte med James A. Hansen, BKA 21.10.2016.
  55. «Just 100 comanies are responsable for 71% of the emissions». The Guardian, 10.07.2017.
  56. «De to gradene». Gudrun Sylte, Energi og Klima 28.12.2016.
Spre klimavett,
del denne saken!