Bergen og omegn

Styre (val årsmøte 2016): Thelma Kraft, leiar: moc.liamgnull@tfarkamleht, tlf 922 32 030, Bjørghild des Bouvrie: moc.liamgnull@eirvuobseddlihgrojb, Sigbjørn Grønås: on.biu.ifgnull@sanorg.nrojbgis, Halfdan Wiik: on.hshnull@wh, Janet Wiberg: on.enilnonull@grebiw-j, Brit Haver:  on.biu.nisidemksinilknull@revah.tirb, Harald Smedal: on.tlativnull@dlarah, Gunnar Kartveit: on.acnnull@tievtraK.rannuG

Klimadugnad HordalandBesteforeldreaksjonen i Bergen og omegn satsar mykje på samarbeid med andre klimaengasjerte, i kirka og miljørørsla. «Klimamarsj» gjennom sentrum 14. april 2012 samla godt over hundre deltakarar, unge og gamle. Vår «Turmarsj for klima» frå Os til Bergen gjekk av stabelen 4-5. juni 2014. Sidan 2014 er vi også i gong med månadlege «klimakafe»-møte, med opne foredrag på Bergen Kunsthall. Foredragshaldarane er henta frå universitetet og kompetansemiljø i Bergens-området. Følg med på vår Facebook-side!

Kampanje 2016: Deltakar eller tilskodar 
Med 50 000 kroner i støtte frå fylkeskommunen lanserer vi grasrotprosjektet «Klimadugnad 2016». Målet er å styrkje forståinga for klimakrisens utfordringer, og bidra til meir klimavenlege haldningar og handlinger blant folk flest. Eit dusin stader rundt om i fylket skal få besøk av besteforeldre i raude aksjonhattar, og først ut er Lindås kommune med kampanjedag i Knarvik Senter laurdag 16. april.

Slagordet som er valt for kampanjen går rett på sak: «Vil du vere deltakar eller tilskodar?» – Hovudsaken er å få opp engasjementet, og forståinga for at klimamåla frå Paris berre kan oppnåast om kvar og ein av oss bidreg med vårt , sier leiaren i Bergen/Hordaland, Thelma Kraft. Paris-avtalen vert ein papirtiger dersom vi ikkje har vilje til å følgje han opp i praksis – kvar nasjon, kommunar, organisasjoner, familiar, einskildmenneskje.

Se nyhetssaker om kampanjen her:
http://www.besteforeldreaksjonen.no/?cat=94