Realistisk jernbaneprosjekt

Hilde M Jernbanen

Eg ynsker miljøorganisasjonane velkomne på laget for å få på plass ein langdistansebane med høg hastigheit i Noreg – i vår levetid, seier dagleg leiar Hilde Magnusson i Forum Nye Bergensbanen, då vi møter henne på den nyss restaurerte jernbanestasjonen i Bergen. Ho har teke den 80 km lange banestrekninga frå Voss der ho bur. Det tok ein time og eit kvarter. Får ho det som ho vil, vil det ta 30 minutt.

Eit miljøprosjekt
Målet er å få reisetida Bergen-Oslo ned i 4 timar, med komfort som for moderne europeiske høgfartsbanar, fortel Magnusson. Då er ny Vossebane ein del av løysinga. Men først i køen står Ringeriksbanen Oslo-Hønefoss, som er eit gryteklart prosjekt vi no brukar mykje krefter på å få fortgang i – mot den beklagelege tendensen vi har her til lands med å skyve jernbaneprosjekt stadig lengre ut i tid. Hugs at dette blei vedteke av Stortinget alt i 1992! Det vil gjere regionen Ringerike med Hønefoss til ein forstad til Oslo med reisetida redusert frå ein og ein halv til ein halv time. På liknande vis vil regionsenteret Voss bli knytt til Bergen, med dei mange føremonar det gjer for folk på denne delen av Vestlandet. Dette er bakgrunnen for at  heile 13 kommunar og 3 fylkeskommunar langs traséen no er medlemmar i Forum Nye Bergensbanen.

Hilde Magnusson er advokat og har representert Ap på Stortinget. Ho vart tilsett som ny dagleg leiar i forumet berre for nokre månader sidan. – Slik eg ser det vil ein moderne og konkurransedyktig Bergensbane vere eit miljø- og klimaprosjekt av dimensjonar. Det vil definitivt vere ei satsing for framtida, seier ho. Problemet har vore for mange sprikande innspel og at ein tenkjer for smått. For meg vert det ei oppgåve å løfte dette fram som eit heilheitlig prosjekt, viktig for heile landet. 

Godstrafikken viktig
Magnusson trur at med ei reisetid på 4 tilmar – mot 6,5 til 7 som i dag, med god komfort, full nettilgang, osb., så vil toget verte eit attraktivt alternativ til flyet. – Reelt sett brukar ein jo minst 3 timar på å kome seg frå sentrum til sentrum med fly, ofte på nokså stressande vis.

I eit miljøperspektiv er gods endå viktigare, understrekar ho. – Om godstrafikken mellom aust og vest skal halde fram med å auke, kan vi byggje vegar til vi vert blå. Vi klarar ikkje å løyse dei logistiske problema inn til dei store byane. Det einaste realistiske alternativ er å satse på jernbanen. Sjølvsagt ikkje berre Bergensbanen, men dette er eit opplagt og nærliggande prosjekt. Eg opplever òg at det er eit populært prosjekt som har god klang ute blant folk, både heime på Voss og i dei mange andre byar og tettstader langs denne gamle lina. Dei har fått nok av trailarar som dundrar forbi husa deira.


Om Bergensbanen
Bergensbanen er ei 371 km lang eittspors jernbaneline frå Hønefoss til Bergen, med tilknyting mot Oslo over Roa-linja og via Drammen. Frå Hønefoss følgjer banen Hallingdalen opp til Hardangerplatået og når sitt høgaste punkt 1237 moh ved Finse. Vidare går banen ned mot Voss og langs fjorden vestover til endestasjonen i Bergen.

Bergensbanen vart opna i 1909, og fleire stader følgjer banen framleis den opprinnelege traséen. Han knyter saman dei to største byane i landet – og har størst trafikk av alle langdistansestrekningar i landet. Godstrafikken er også stor, og meir enn halvparten av alt gods mellom Oslo og Bergen blir frakta på Bergensbanen.

Bergensbanen er også svært viktig for reiselivsbransjen. – Han er kåra til å vere blant dei ti vakraste jernbanestrekningane i verda. Med 4 timars reisetid og nytt togmateriell vert det ein moderne framtidsretta bane, seier Hilde Magnusson. Samstundes er det viktig å ta vare på den lokale tilknytinga, og på den heilt spesielle opplevinga det er å suse energieffektivt og miljøvenleg over Hardangervidda.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Anne Andersson | 15.06.2018

    Hei,
    Jeg tror at man må tenke at jernbane skal klare to «ting» i Norge med 5 mill. innbyggere: godstrafikk og persontrafikk på samme spor! Markedsgrunnlaget i Tyskland, Frankrike, Italia pluss alle andre mindre stater nede i Europa for ren persontrafikk over landegrensene og som alternativ til fly, er der realistisk mellom enkelte større byer.
    Å satse på utbedring og utretting og DOBBELTSPOR og ikke minst bli enige med resten av nord Europa om en felles sporbredde mener jeg er veien å gå.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*