Syngande besteforeldre

sangere intens

«Du vet du er på Arendalsuka når du støter på en gjeng syngende pensjonister i Besteforeldrenes klimaaksjon», skreiv Aftenposten i sommar. Deretter song besteforeldrene seg gjennom haustens valkamp. Og då landsmøtet nyleg vart avvikla, med sytti deltakarar frå heile landet, – så song vi frå vi kom til vi drog. Før og etter foredrag og debattar, frå morgon til kveld. Og alle songar, og alt fengande gitarakkompagnement, var ved Ola Dimmen. Sjølvsagt!

Inga folkerørsle utan song
«Der kommer intet inn i intellektet, som ikke først har vært innom følelserne», sier Sigrid Undset. Det har Ola Dimmen teke på alvor. Hans «Alle barn skal arve Jorda» til Beethovens velkjende melodi er nærast blitt ein merkesong for den norske klimarørsla.

Den pensjonerte musikklæraren såg straks mulegheitene då han melde seg inn i Besteforeldreaksjonen heime i Trondheim. – Å vere ute på gata og synge og spele for å få fram bodskapen er det naturlegaste som finst. Mange tykkjer det er veldig kjekt å vere med på dette. Global oppvarming er eit dystert tema, det er klårt. Men det er noko i at «med sang blir vegen lett å gå», som det vert påstått  i skolesongboka.

Ola minner om at song og musikk har spelt ei viktig rolle i alle folkerørsler gjennom tidene, som t.d. lekmannsrørsla og arbeidarrørsla. – Mange av oss vil hugse og var sjølv aktivt med i folkerørsla mot medlemskap i EU på byrjinga av 1970-talet. Nokre seier vi vann fordi vi hadde dei beste songane! Det er vel å ta hardt i, men song må til for å skape samkjensle og pågangsmot.

Alle songane med notar og besifring ligg samla på denne sida: Song og musikk i klimakampen.  Her finn du og ein liten musikkvideo med Besteforeldrenes rangleorkester i Trondheim.

Tekst og melodi like viktig
Dei fleste av songane er laga etter det Ola kallar Vazelina-metoden: ta ein fengjande og kjend melodi og sett til ein ny tekst. – Når ein jobbar slik, vert ein veldig bevisst på kva ein god allsang-melodi er, kor viktig det er at han ligg innafor eit rimelig register for vanlege stemmer, at han har ei enkel form og slår an med ein gong. Og så må tekstane vere skikkelege og sakleg forsvarlege.

– Alt vi driv med er jo kunnskapsbasert. Men kunnskapen må koplast til kjensler og verdiar. Sjølv har eg tru på folket og folkemakta, og på at vi skal vinne fram. Alle vil jo det beste for sine barn og for framtida. Utfordringa er å få eit fleirtal av politikarar med på å gjere noko som monnar og slutte å tale med to tunger.

– Nokon synest kanskje eg er litt hard i klypa når eg brukar ord som «klimasvik» og liknande. Men når folk sit på så mykje kunnskap om kor ille det kan gå, eller har alle mulegheiter for å skaffe seg denne kunnskapen, – og likevel går i gang med planar for storstilt oljeverksemd i Arktis, ja då finn eg ikkje eit meir høveleg ord. Om ikkje politikarane legg kunnskapen til grunn, då har vi eit problem også med sjølve demokratiet vårt.

For eit oljefritt LoVeSe: Ola på plass i Svolvær 2017, her med musikalsk hjelp av Oluf Dimitri Røe frå Trondheim og Ante Mihkkal Gaup frå Kautokeino. Foto: Anne Grete Torwick

God stemning på klimatoget til Paris i desember 2015. Ola Dimmen var stødig leiar av allsongen under heile turen. Foto: Tom Henning Brattlie

 

1kommentar

  1. Brita Helleborg | 1. okt 2017

    Det var flott å være med å synge. det fikk virkelig opp stemningen.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*