Med sang, ja, med sang!

ola Lavollen
Ola er klar for både Arendalsuka og haustens valkamp.

Vi kan ikkje nøye oss med å appellere til intellektet. Kjenslene må med, seier Ola Dimmen, musikalsk leiar og songskrivar for Besteforeldrenes rangleorkester i Trondheim. Hans «Alle barn skal arve Jorda» til Beethovens velkjende melodi er blitt ein merkesong for klimarørsla. Og no føre stortingsvalet syng han ut igjen, mot politikarar han meiner ikkje tek klimakunnskapen på alvor slik dei skulle: «Folket må ta makta med vitenskap og fakta».

Inga folkerørsle utan song
Den pensjonerte musikklæraren såg straks mulegheitene då han for ein del år sidan melde seg inn i Besteforeldreaksjonen. – Å vere ute på gata og synge og spele for å få fram bodskapen er det naturlegaste som finst. Mange tykkjer det er veldig kjekt å vere med på dette. Global oppvarming er eit dystert tema, det er klårt. Men det er noko i at «med sang blir vegen lett å gå», som det vert påstått  i skolesongboka.

Alle songane hans med notar og besifring ligg samla på denne sida: Song og musikk i klimakampen 

Ola minner om at song og musikk har spelt ei viktig rolle i alle folkerørsler gjennom tidene, som t.d. lekmannsrørsla og arbeidarrørsla. – Mange av oss vil hugse og var sjølv aktivt med i folkerørsla mot medlemskap i EU på byrjinga av 1970-talet. Nokre seier vi vann fordi vi hadde dei beste songane! Det er vel å ta hardt i, men song må til for å skape samkjensle og pågangsmot.

Tekst og melodi like viktig
Dei fleste av songane er laga etter det Ola kallar Vazelina-metoden: ta ein fengjande og kjend melodi og sett til ein ny tekst. – Det er ein fin tradisjon, som også Frelsesarmeen har nytta seg av. Når ein jobbar slik, vert ein veldig bevisst på kva ein god allsang-melodi er, kor viktig det er at han ligg innafor eit rimelig register for vanlege stemmer, har ei enkel form og slår an med ein gong. Gitaren er det perfekte kompe-instrumentet, lett å dra med seg, gir blikkontakt. Eg har skaffa meg den største gitaren med den største kassa eg kunne finne. Plekteret er skjært ut av en isboks. Dei ein får kjøpt, er ikke kraftige nok når Besteforeldrene dreg til!

Rangleorkesteret i sving på sin faste plass på Nordre gate i Trondheim.

Tekstane er viktige, dei må vere skikkelege og saklege, seier Ola. – Kunnskap er grunnlaget for alt. Men kunnskapen må koplast til kjensler og verdiar. Sjølv har eg tru på folket, og på at vi skal vinne fram. Alle vil jo det beste for sine barn og for framtida. Alle er verdiorienterte. Utfordringa er å få eit fleirtal av politikarar med på å gjere noko som monnar og slutte å tale med to tunger.

– Nokon synest kanskje eg er litt hard i klypa når eg brukar ord som «klimasvik» og liknande. Men når folk sit på så mykje kunnskap om kor ille det kan gå, eller har alle mulegheiter for å skaffe seg denne kunnskapen, – og likevel går i gang med planar for storstilt oljeverksemd i Arktis, ja då finn eg ikkje eit meir høveleg ord. Dei kan ikkje berre halde fram med å skuve dei vanskelege avgjerslene ut i tid, slik dei har gjort til no. Om ikkje politikarane legg kunnskapen til grunn, då har vi eit problem også med sjølve demokratiet vårt.

Synge på Arendalsuka
Besteforeldrene har i fleire år markert seg under den politiske festivalen i Arendal i august, og det same skjer denne gongen, fortel Ola Dimmen. – Planane er litt lause, men ein del organisasjonar har heil- og halvdagsarrangement med variert innhald, kveldssamlingar m.v., der eg tenkte at vi kanskje kan skrike oss til eit innsmett og kome med små innslag med allsang. Vi har med oss opptrykte sanghefter til bruk både ved opning av møter og til innslag i pausar. Eg tenkjer at vi må prøve å oppsøke folk der dei er i staden for at Besteforeldreaksjonen sjølv arrangerer noko som lett kan drukna i alt anna som foregår der nede. Mykje av dette må nok avtalast på staden, eller vi kan kanskje få eit innsmett på førehand. Vi skal også synge på standen ute på gata, viss vi ikkje forstyrrar andre.

God stemning på klimatoget til Paris i desember 2015. Ola var stødig leiar av allsongen under heile turen. Foto: Tom Henning Brattlie

Spre klimavett,
del denne saken!

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*