Hydrogen for framtida

sigrid a

Sigrid Amelia Heidal, 12 år, drøymer om ei grøn og rein framtid på jorda. Foto: Sverre Heidal

Sigrid Amelia bur i Fusa sør for Bergen og har skrive eventyr i lokalavisa om «dei tre bilane som ville gjere seg reine». Dei får intallert elektrisk hydrogen-motor – og SNIPP SNAPP SNUTE! Tilfeldig? Neppe. Pappaen Sverre Heidal er engasjert i utvikling av småkraftverk og ser hydrogenproduksjon som eit mogleg satsingsområde framover. Begge blir applaudert av Vegard Frihammer, når han får høyre om dei. Han jobbar med berekraftig energi i selskapet Greenstat med utspring frå Christian Michelsen Research i Bergen, og har tru på hydrogen som ein viktig del av det grøne skiftet, seier han.

Frå Os og Fusaposten. Sigrid Amelia skreiv eventyret som ei skuleoppgåve. Men besto og besten tykte det var så bra at dei sende det til lokalavisa.

Sigrid Amelia og dei andre ungane her får med seg litt av det me styrer med, tydeligvis, humrar Sverre Heidal når Besteforeldreaksjonen tek kontakt med han. Dei er jo framtida, og dei kjem til å sjå store endringar når det gjeld måtane me produserar, lagrar og brukar energi.

Heile familien Heidal er engasjerte i produksjon av rein straum, fortel Sverre. – Her i Fusa har me bygd fleire små kraftverk som lagar grøn straum til fusafolket.  Saman med arbeidsgjevaren min, Hordaland Rørteknikk, er det utvikla ein liten mikro vannkraftturbin. Det er tenkt som eit bidrag til småskala kraftproduksjon på lik line med solceller som me kan legge på taket vårt. Produksjon av hydrogengass via elektrolyse er ein måte å lagre energien som me produserar. Me satsar lokalt for å vise at teknologien ikkje er så komplisert, og at dette kan bli  lønsamt også i småskala. Ein kilo hydrogengass inneheld nok energi til å køyre ein vanleg personbil 100 km elektrisk. I framtida kan ein kanskje tenkje seg bruk av nedkjølt flytande hydrogen, der ein liter vil vere nok til fleire tusen km. Og ut av eksosrøyret kjem berre reint vatn! Jamfør eventyret.

Grønt skifte i praksis
Det er flott at vi har folk som far og dotter Heidal, seier Vegard Frihammer, som meiner det skjer for lite i Norge. For eit par år sidan tok han initiativ til etablering av aksjeselskapet Greenstat, som no har fleire prosjekt på gong. Mellom anna har dei gjort avtale med titanprodusenten TiZir i Tyssedal, der ein i dag brenn 100 000 tonn kol årleg for å oppnå dei høge temperaturane som trengs. Dette skal i løpet av få år byttast ut med hydrogen. Utsleppa som er blant dei største i Norge, vil bli reduserte med 90 prosent.

– Det er slik vi skal skape nye, grøne arbeidsplassar for ein ny generasjon av samfunnsborgarar som tenkjer globalt, seier Vegard. Vi kan ikkje love positiv avkastning i løpet av 3 eller 5 år. Alle satsingar skal kunne forsvarast i et 2050-perspektiv. Men vi har tru på at vi står føre ei dramatisk endring i energimarknaden, der fornybar energi vil bli ein vinnar også for dei som tenkjer mest på lommeboka.

Vegard syner fram den nye stoltheita til Greenstat.

Den første hydrogenbilen – draumebilen til Sigrid Amelia, i dette tilfellet ein Hyundai iX35 Fuel Cell, er såvidt begynt å rulle på vegane i Bergen. Han har ei rekkevidde på rundt 600 km per fylling og vil bli brukt til å promotere hydrogen som energiberar. Aksjonærar i Greenstat skal kunne leige bilen gjennom en bildedeleordning. Meir informasjon om etablering av hydrogenstasjonar i Bergen kan du finne her.

For Vegard er det viktig å understreke at hydrogen ikkje skal gå foran eller fortrengje andre grøne løysingar. Ein vanleg elbil utnytter elkrafta best, opp til 80-90 %. Hydrogen er eit alternativ først og fremst på lengre strekningar, for tyngre køyrety og der batteridrift ikkje er så praktisk. Nøkkelfaktoren er den store energitettheita per vekteining. Skipsfart vha av hydrogen kan difor vere svært aktuelt, seier han. Samstundes minner han om at det gjeld å redusere energibruken i samfunnet. – Det er lett å gløyme at også fornybar energiproduksjon kan vere belastande for natur og miljø. Den grønaste energien er den som ikkje vert brukt, som nokon har sagt.

Besteforeldreaksjonens mann fekk óg sole seg i glansen frå det nye hydrogenvedunderet.

 

 

!Vær den første til å kommentere

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*