Paris-avtalen vert oversett

  • EMNER:
  • PUBLISERT:
    fredag 24. feb 2017
  • AV:
    Redaksjonen
havstrategi søviknes

«Petroleumsnæringen vil være Norges største næring i mange tiår fremover», sa olje- og energiminister Søviknes då han nyleg presenterte regjeringa sin nye havstrategi. Det betyr berre at dei overser klima og legg til grunn at vi ikkje greier å halde Paris-avtalen, skriv dagleg leiar i Norsk Klimastiftelse, Lars-Henrik Paarup Michelsen, i magasinet Energi og Klima. Regjeringa hevdar at Det Internasjonale Energibyået (IEA) forventar at det globale energiforbruket vil auke med 18 prosent fram mot 2030. Men det dei ikkje nemner, er at denne framskrivinga er henta frå eit scenario som ikkje er i nærleiken av å nå togradarsmålet.

Frå artikkelen:

I scenarioet som regjeringa legg til grunn vil det globale oljekonsumet auke med 8,5 prosent fram mot 2030, mens det i togradars-scenarioet vil det bli redusert med 9 prosent. Også gassen får ei mindre viktig rolle i energimiksen om klimapolitikken lukkast (kjelde: IEA World Energy Outlook 2016, side 549-550)

Ingen kjenner framtida – om oljeprisen igjen vil stige til 100 dollar fatet, eller om det vi no opplever er starten på eit trendskifte i den fossile energiens disfavør. Men for siviliserte statar og selskap er det uansvarleg ikkje å legge til grunn at klimapolitikken vil bli strammare over tid, og at fornybar energi og annan klimateknologi vil bli stadig meir konkurransedyktig. Men det er nettopp dette regjeringa ikkje gjer i havstrategien. Dei innrømmer i eit avsnitt at etterspørsel etter fossile brensler kan bli påverka «på lengre sikt», men det skin gjennom at dette ikkje er noko å uroe seg over no.

Eg trur ikkje ein gong at Statoil ville lagt frem ein strategi i 2017 som lener seg på IEAs New Policies Scenario. At ei regjering som er forplikta av Paris-avtalen gjer det, er skremmande.

«Petroleumsnæringen vil være Norges største næring i mange tiår fremover.» Vi har høyrd setninga så mange gongar før at vi knapt reagerer. Men tenk over dette: Mange tiår vil seie minst to tiår – då nærmar vi oss 2040. Det er ti år før klimagassutsleppa i EU – vår viktigaste marknad – skal vere redusert med 80-95 prosent. Får Søviknes rett i at petroleumsnæringa er vår største næring i 2040, er vi anten på god veg mot ei temperaturauke langt over to gradar, eller så har vi ikkje lykkast med å diversifisere norsk økonomi og næringsliv i tide.

Les heile artikkelen i Energi og Klima:
http://energiogklima.no/blogg/lars-henrik-paarup-michelsen/regjeringas-havstrategi-legg-til-grunn-at-parisavtalen-ikkje-lykkast

Spre klimavett,
del denne saken!

1 kommentar

  1. Kristian Frederik Brandt | 26.02.2017

    Viser bare hvor viktig det er at vi støtter partier og organisasjoner som tar klimautfordringene på alvor.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*