Kick-off for «Klimadugnad Hordaland»

deltakar 3Lukke til med viktig arbeid! Eg er stolt av at besteforeldrene har valt seg Lindås som første plassen dei besøker i kampanjen for å få hordalendingane med på eit ekstra løft for klimaet, sa fung. ordførar Nina Bognøy då ho opna arrangementet i Knarvik Senter på laurdag. Med appellar og orienteringar, song og musikk vart det ein vellukka start på kampanjen som ut over året skal innom eit tiltalls kommunar i fylket. Målet er å få opp engasjementet på grasrota, og vise politikarane at dei har folket sin støtte om dei viser mot og handlekraft. Nokre upopulære tiltak må til. Men Besteforeldreaksjonen skal syte for at også desse vert populære!

ordfører knarvik – Vi må ta vare på odelen
Ordføraren tok i sitt innlegg utgangspunkt i slagordet som er valt for kampanjen: «Vil du vera deltakar eller tilskodar?» – Kven er desse ‘du’ som desse besteforeldrene spør? – Eg tenkjer det er oss alle i hop: du, eg, min familie, kommunen, arbeidsplassen min og landet mitt. Oss alle i fellesskap! Me har høyrt det før, og det gjeld enno: – Tenkje globalt og handle lokalt. Innsats for eit bedre klima er ein innsats for å trygga ein rikdom vi ikkje får att om vi skuslar han bort: den fantastiske kloden vi alle lever på og deler.

I Lindås kommune er det eit stort fokus på smart energibruk, fortalde ho. – Det er ei rekkje små og store mål å nå, men om ein arbeidar jamt og trutt, så trur eg vi når langt. Paris-avtalen har lagt eit press på oss som vi både skal kjenne og arbeide etter.

– Vi har i Noreg det gamle omgrepet om odel. Det er viktig for vår tid fordi det seier noko om ansvar over generasjonar. Grunnsynet er at ein skal overlevere garden til neste generasjon i betre forfatning enn det ein sjølv overtok. Tek vi dette med oss i arbeidet med dei globale utfordringane, er vi på trygg grunn.

Etikk, ikkje politikk
Tidlegare biskop i Bjørgvin, Ole Hagesæther, har sjølv vore med i Besteforeldreaksjonen sidan starten. Han bur no i Lindås og heldt ein appell der han la vekt på kyrkja si rolle i samfunnsdebatten. – Eg veit det er nokon som skuldar oss for å drive med politikk. Men det er absolutt ikkje rett, sa han. Vi kjem ikkje med løysingar, men med utfordringar. Kyrkja sitt engasjement er etisk og religiøst. Vi har fått eit ansvar som forvaltarar av skaperverket. Når vår neste lider under øydeleggjingane frå eit forstyrra klima, er også dette vårt ansvar.

– Ofte er det grådigheit som ligg bak. Det er synd både mot menneske og Gud! Det er ein demokratisk rett og plikt for oss alle å delta i familie og samfunn, og gjere det vi kan for å hindre ytterlegare forverring av livsvilkåra på Jorda. Skaparverket er skjørt og sårbart. Eg er glad og takknemlig over denne formiddagen der også vi som bur i Nordhordland kan verte utfordra og inspirerte.

Knarvik Senter spelte på lag med god og synleg forehandsreklame for reklame i Senteravisa.

Knarvik Senter spelte på lag med god og synleg forehandsreklame i Senteravisa.

Vågen songkor bidrog til klimadagen i Knarvik senter. Dei hadde med seg songer frå eige repertoar, og drog dessutan i gong allsong med «Alle barn skal arve jorda» til melodi av Beethovens Ode til gleden.

Vågen songkor bidrog til klimadagen i Knarvik senter. Dei hadde med seg songer frå eige repertoar, og drog dessutan i gong allsong med «Alle barn skal arve jorda» til melodi av Beethovens Ode til gleden.

Halfdan Wiik ville ikkje bruke tid på å snakke om kor ille alt vil bli om vi ikkje taklar klimautfordringane. Dette veit alle opplyste mennesker nok om, sa han. Besteforeldreaksjonen sitt budskap er håp og tru på at det nytter å gjere noko med det.

Halfdan Wiik ville ikkje bruke tid på å snakke om kor ille alt vil bli om vi ikkje taklar klimautfordringane. Dette veit alle opplyste mennesker nok om, sa han. Besteforeldreaksjonen sitt budskap er håp og tru på at det nytter å gjere noko med det.

Gründeren Vegard Frihammer var med for å orientere om Greenstat.

Gründaren Vegard Frihammer var med for å orientere om Greenstat. Noreg treng ei aktør som kan innta rolla som eit grønt lokomotiv, sa han. Greenstat skal bidra til å skape ein heimemarknad for fornybar teknologi, og gje folk flest mulegheit for eigarskap til ei berekraftig framtid.

Regionsleiar for stiftinga Klimapartnere, Helene Frihammer, hadde med seg dei to små døtrene sine på scena. – Eg har ståltru på at vi saman skal klare den omstillinga som er naudsynt, sa ho.

Helene Frihammer er regionsleiar for stiftinga Klimapartnere, der mange store private og effentlege verksemder er med. Ho hadde med seg dei to små døtrene på scena. – Det er dei det gjeld, og eg har ståltru på at vi saman skal klare den omstillinga som er naudsynt, sa ho.

«Hvem kan være vår kaptein?» Visesongaren Dag Birkrem slog til med eigne songer, nyskrivne for klimadugnaden på Knarvik: «Stormfullt vær gir ublidt hav, nye skjær og mere kav, si hvor er vi på vei?»

«Hvem kan være vår kaptein?» Visesongaren Dag Birkrem slog til med eigne songer, nyskrivne for klimadugnaden på Knarvik: «Stormfullt vær gir ublidt hav, nye skjær og mere kav, si hvor er vi på vei?»

Blide jenter fra Lindås 4H i samarbeid med Besteforeldreaksjonen.

Blide og optimistiske jenter frå Lindås 4H hadde også stand og likte seg godt i nærleiken av Besteforeldrene.

Eim nøgd lokallagsleiar for Besteforeldreaksjonen, Thelma Kraft, puser ut etter ein lang dag i Knarvik Senter.

Ein nøgd og sliten lokallagsleiar, Thelma Kraft, pustar ut etter ein lang og travel dag i Knarvik Senter.

 

Spre klimavett,
del denne saken!

3 kommentarer

  1. Ola Dimmen | 17.04.2016

    Gratulerer til Hordaland-gjengen med opninga og opplegget! Her er Besteforeldreaksjonen verkeleg på banen i første rekke for klima og framtida!

  2. Elisabeth Tveter Briseid | 18.04.2016

    Inspirerende!

  3. Harold Leffertstra | 19.04.2016

    Gratulerer Hordaland med å være «deltaker». Jeg tror at dette er det viktigste vi kan gjøre; å fortelle politikerne og andre beslutningstakere hva vi vil og at vi er villige til å betale prisen og at vi får med oss andre, mange andre i alle aldre.

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*