Vatn forandrer alt! Alle må ha vatn!

TV aksjonen

«Bli med no, kom og bli med. E vi mang nok så får vi det te!» – Besteforeldrenes populære Rangleorkester var synleg og hørleg med under TVaksjons-sendinga frå Trondheim søndag. Den enkle bodskapen vår er at tilgongen på friskt vatn mange stader vil vere avhengig av at vi greier å stogge den globale oppvarminga, seier orkesterleiar Ola Dimmen. Vi var 14 personar som spelte medan børsberarane drog ut, og vi spelte også utanfor P3 teltet under NRK1 si direktesending og sendingar frå P3. Ein friskus frå redaksjonen kom og heiv seg med i orkesteret, så vi inspirerte kvarandre. Fin innsats og god stemning, dette var verkeleg morosamt!

«Alle må ha vatn, vatn for å leve.
Og vi må hjelpe te,
D’e ijtno som kjæm tå sæ sjøl.
Bli med no, kom og bli med
E vi mang nok så får vi det te.»

Spre klimavett,
del denne saken!