Reisefeber

eksotisk
Fjernt og eksotisk skal det vera. Vi reiser fire gonger så langt i dag som vi gjorde i 1965.

Skal vi berga kloden, må vi reisa mindre. Til no har knapt nokon vågd å tenkja den tanken. Til no har vi lagt til rette for det motsette, skriv kommentator Knut Langeland i Bergens Tidende. Stadig nye direkteruter blir opna, til jubel og sjampanje. Fjernt og eksotisk skal det vera – vi fråtsar i reiser, og har gjort det til ein livsstil å vera på farten verda rundt. «Alle veit» at kursen er skummel, og er einige om at noko må gjerast. Så snur vi oss rundt og held fram akkurat som før: På dei store norske flyplassane skal kapasiteten aukast til det doble. I suveren forakt for alle fakta, alle prognosar, alle åtvaringar og FN-rapportar om kva som skjer med klimaet …

Langeland 3For vel 80 år sidan
drog onkelen min til Odda på turnstemne. Det var ei stor­hending i livet hans. Med dampbåt gjekk ferda, frå Salhus og sørover, forbi Sotra og Austevoll, gjennom Langenuen, inn Kvinnheradsfjorden, Hardangerfjorden og Sørfjorden, til ein plass mellom høge, kvite fjell der han aldri tidlegare hadde vore. Eg hugsar korleis han levande la ut om kor eksotisk han opplevde denne reisa.

Onkelen min døydde i 1991, nær 85 år gammal, utan nokon gong å ha sett sine bein utanfor Skandinavia. Som så mange andre i hans generasjon.

Til samanlikning feira sonen min eittårsdagen sin i Sydney, Australia. På tur med mor og far til det fjernaste av alle kontinent.

Det var ikkje den første, og det blir ikkje den siste turen hans. Reiselivsbransjen legg iallfall opp til meir. Mykje meir. Når den pågåande utbygginga av Flesland er ferdig i 2017, vil flyplassen ha kapasitet til 7,5 millionar reisande, mot dagens 3,4 millionar. På Gardermoen blir kapasiteten auka frå 19 til 28 millionar årleg. Det er ingen grunn til å tru at utbyggingane stoppar med det. Verdas flyplassar er verdas evige byggjeplassar, og utvidingane finn stad så godt som utan politisk debatt.

I dag reiser vi
på storbyweekend, fotballtur, gutetur, jentetur, heisatur, safari, treningsleir, hausttur, cruise, tematur, impulstur, shoppingtur, påsketur og ei rad andre turar. Og somme, dei som iallfall burde ha grunn til å uroa seg over global oppvarming, reiser kloden rundt på jakt etter pudderføre. På heilårsbasis og som einaste syssel. Ganske refleksjonslaust, og meir til fagning/samtykke enn til ank, er reising blitt ein stor og sjølvsagt del av liva våre.

Stadig nye direkteruter blir opna, til jubel og sjampanje. Vi fråtsar i reiser og har gjort det til ein livsstil å vera på farten den eine helga før og hi etter. Rituelt deler vi våre turar med kjende og ukjende på sosiale media. Flybillettane er så billege at dei kan betalast med lommerusk. For nokre hundrelappar kjem du til Middelhavet og forbi, og mange av oss kjenner Gran Canaria betre enn vi kjenner Hordaland. Å reisa, er blitt kvardagsleg. Då mor reiste til Amerika med «Stavangerfjord» like etter krigen, kosta det henne fleire månadsløner, og ho måtte spara i lange tider for å ha råd. I dag tek vi oss ovale helgar i New York utan vidare oppstuss.

Kvart år blir det
på verdsbasis gjennomført meir enn ein milliard turistreiser, og talet er aukande. Vi nordmenn er blant dei ivrigaste reisande. Tre av fire av oss reiser på ferie, ikkje berre ein, men to gonger i året. Vi ferierer i dag meir i utlandet enn i Noreg. Vi reiser oftare, og vi reiser lengre. Sidan 1965 er talet på reiser tredobla, og vi reiser fire gonger så langt i dag som vi gjorde den gongen. Skal det vera eksotisk, må det vera fjernt.

Det samsvarer godt med mi eiga erfaring. Frå baksetet av ein Volvo Amazon på støvete landevegar fekk eg som gut sjå Ulvik og Førde og Nordfjordeid og Stryn. Mine eigne born tok eg med fly til Syden.

Slik har eg bidrege til ei reiselyst som har enorme klimautslepp som konsekvens. Norske flyselskap har berre i perioden 2006 til 2011 auka sine utslepp med 80 prosent, og kapasitetsveksten på Flesland vil ha til resultat at alle andre utsleppsreduserande tiltak i Bergen blir nulla ut.

Dette er eit bilete
på korleis vi innrettar oss. Nye rapportar stadfestar gammal frykt. Vi erkjenner at kursen er skummel, ja, beint fram øydeleggjande. Langt på veg er vi einige om at noko må gjerast om ikkje kloden vi bur på, skal kollapsa og gjera slutt på oss. Så snur vi oss rundt og held fram akkurat som før. I suveren forakt for alle fakta, alle prognosar, alle åtvaringar og FN-rapportar. Den siste av dei fortel at vi må redusera utsleppa våre med inntil 70 prosent innan 2050 om togradarsmålet skal kunna nåast.

Til no har ingen i særleg grad moralisert over all denne reiseverksemda. Turar til fjerne himmelstrok blir tvert imot framstilt som oppbyggjeleg, utviklande og kulturelt høgverdig. Reising er eit gode, opparbeidd over tid, om lag som ein fagleg rett, som vi ikkje utan vidare gir frå oss. Vi er generasjonen som har forsynt oss med pose og sekk, og om vi aldri så mykje meiner vi har fortent både fritid og pengar, sol og luksus, så har vi i moralsk forstand sett oss i stor skuld til den kloden vi til sjuande og sist forsyner oss frå.

No er tida komen for
å betala tilbake. FNs klimapanel fortel det meir eller mindre i klartekst. At vi i vår del av verda ikkje kan halda fram med å leva liva våre som vi til no har gjort. Vi må endra livsførsel og akseptera redusert levestandard. Det kan koma til å innebera mangt. Mellom anna færre reiser, reinare reiser og nærare reisemål. Di mindre vi gjer no, di meir overlet vi til våre barn og barnebarn.

Dei ferskaste rapportane frå FNs klima­panel er alvorlege, men ikkje berre dystre. Fordi dei fortel korleis klimamåla kan nåast, men òg fordi dei gir naudsynt politisk armslag. Armslag for sjølv ei blåblå regjering til å leggja føringar på korleis vi lever liva våre og brukar pengane våre. Det er nemleg ikkje lenger berre ei privatsak.

(frå Bergens Tidende 22.04.2014, med tillating frå forfattaren)

Spre klimavett,
del denne saken!

4 kommentarer

  1. elisabeth briseid | 23.04.2014

    Utslipp fra fly er spesielt klimaskadelige. Det angår særlig besteforeldregenerasjonen i verdens rikeste land – vi som bidrar mer enn noen til farlige utslipp. Problemet er i stor grad strukturelt. Tobakken truet folks helse. Da sammenhengen var klar, sørget modige politikere for frihet fra helseskadelig press, dvs. forbud mot tobakksreklame. Nå truer bl.a. reisefeberen klodens helse. Er det tid for å kreve forbud mot reisefeber-reklamen? Bør det offentlige kompensere aviser som mister kjærkomne inntekter fra reisefeber-reklame? Og for oss andre – i mellomtiden – er det tid for å «stumpe røyken» og finner gledene nærmere hjemmet?

  2. Finn Bjørnar Lund | 28.04.2014

    Ja, det er fint at man ser kritisk på flytrafikk. Det er neppe populært i store grupper, men vi har ikke vondt av litt bevisstgjøring. Når vi «må» reise utenlands med fly, har vi muligheter til å betale ekstra for klimafotavtrykket.
    Et spennende alternativ for reiselystne er faktisk toget til tross for treig norsk jernbanepolitikk. Så snart man er kommet til kontinentet åpner det seg et stort antall reisemuligheter. Selv med sovevogn behøver det slett ikke å være dyrt. Togreiser gir en helt annen mulighet til kontakt med mennesker og steder. Vi lever lenge på turen i forfjor gjennom Tyskland til Paris og Nice (med lyntog tok det noen ettermiddagstimer til Middelhavet).
    En ferge over til Korsika ga mulighet til en helt annen togopplevelse. Til tross for blodige stridigheter gjennom århundrer mellom lokale samfunn på den utilgjengelige, fjelløya, ble banen bygd på slutten av 1800-tallet. Krigerske lokalsamfunn samarbeidet slik at prosjektet kom i stand og gjorde noe med samhandlingen på Korsika.
    Toget kan knytte folk sammen. Fly er velegnet til isolasjonisme og sjølopptatthet – og til å spre klimagasser.
    Finn Bjørnar Lund

  3. Kristian Frederik Brandt | 05.05.2014

    Et viktig innlegg i Bergens Tidende. Takk! 🙂

    Vi som har levd en tid, vokste opp i en tid da slik reisefeber som beskrives i artikkelen, var totalt ukjent. Men vi led ingen nød av den grunn.

    Dessverre har flere og flere av oss kastet oss på karusellen tross de negative konsekvenser for klimaet vår omfattende reisevirksomhet har, konsekvenser vi har visst om. Er vi blitt lykkeligere?

    Det er ingenting iveien for å snu før det er for sent. Men vi må ville det! Og vi kan hvis vi vil. 🙂

Skriv din kommentar her

Din e-postadresse vil ikke bli publisert.

Du kan brukke disse HTML tags og attributter: <a href="" title=""> <abbr title=""> <acronym title=""> <b> <blockquote cite=""> <cite> <code> <del datetime=""> <em> <i> <q cite=""> <s> <strike> <strong>

*