Risiko for søksmål

DATO: 17. apr 2018

KLOKKESLETT: kl 19:00 til kl 20:00

STED: Litteraturhuset i Bergen |

Rettssaker rundt om i verda viser at klima endrar dei juridiske spelereglane. Difor er det og på tide å diskutera risikoen for at Oljefondet og den norske stat kan bli objekt for ein ny type klimasøksmål. Men kva meiner forskaren, politikaren og finansaktøren er dei tre viktigaste tinga dei og/eller deira institusjon kan gjera for klima dei neste 10 åra? Og korleis høyrest det ut når poeten skal dikta om klima? Samla vil dette gje perspektiv på klima, juss og samfunn for tiåret som ligg føre oss.

Arrangør: Universitetet i Bergen i samarbeid med Litteraturhuset. Gratis