Knarvik Senter: Klimadugnad med lokale krefter

  • DATO: 
    16/04/2016
  • Klokkeslett: 
    kl 12:30 til kl 16:00
  • STED: 
    Knarvik Senter

BKA rollup HordalandMed økonomisk støtte frå fylket lanserer Besteforeldreaksjonen i Hordaland grasrotprosjektet «Klimadugnad 2016». Målet er å styrkje forståinga for dei utfordringane klimakrisa gjev oss, og bidra til meir klimavenlege haldningar og handlingar.

Lindås kommune er første mann ut og vi startar i Knarvik Senter kl 1230 med orientering ved ein representant frå Besteforeldrenes Klimaaksjon. Kampanjen og deltakarar blir presenterte. I tidsrommet 1300-1430 er Vågen songkor til stades og vil underhalde med songer frå eige repertoar. Dei vil óg vere med og dra i gong allsong/klimasonger.

Innlegg/appeller kvar halvtime:

  • Lindås kommune ved ordførar eller klimaansvarleg
  • Kyrkja ved biskop emeritus Ole Hagesæter
  • Greenstat-prosjektet ved prosjektleiar Vegard Frihammer
  • Stiftinga Klimapartnarar ved Helene Frihammer
  • Appell frå Besteforeldreaksjonen ved Halfdan Wiik

Andre lokale aktørar som skal delta er 4H, Knarvikmila og Turlaget. Desse vil ha stands på senteret saman med Besteforeldreaksjonen. Vi skal lage Klimaquiz (med premie), servere kaffi, prate med folk og stille spørsmål om dei vil vere «deltakar eller tilskodar».  Utgangspunktet er at utan lokal medverknad vert det vanskeleg å gjere noko som monnar med dei alvorlege klimaendringane som kan råke barna våre.

Sjå meir om prosjektet «Klimadugnad 2016» her:
https://www.besteforeldreaksjonen.no/?p=27400

Spre klimavett,
del denne saken!